annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Gratis drahjelp til nyetablerarar

28.07.2010 10:59:05

Jorunn Nilssen og Cathrine Stedje

Er du ein gryndar, går med ein forretningside, men treng hjelp til å ta steget vidare? Då bør du melde deg på etablerarkurset Årdal Utvikling i haust skipar til i lag med Årdal vidaregåande skule.

 

-Dette er eit tilbod til årdøler, lærdøler og aurlendingar, og det er gratis, seier Jorunn Nilssen og Cathrine Stedje i Årdal Utvikling.  

 

Med andre ord ein unik sjanse til å teste om nettopp din ide er noko du bør gå vidare med. Eller kanskje er du komen så langt i prosessen at du har bestemt deg for å starte eiga bedrift. Då kan du få god hjelp, rettleiing og ikkje minst kunnskap og innføring i kva det inneber å etablere og drifte eit eige selskap.

 

To-delt

 

Kurset er todelt, der del 1 på generelt grunnlag gjev ei grundig innføring i etablerarfasen. I del to vil ein gå meir spesifikt inn i kva einskild sin forretningsplan.

 

-Me arbeider med å få på plass ein interessant føredragshaldar med erfaring frå eiga bedrift. Elles vert det innimellom  sett av tid til å jobbe med sin eigen forretningsplan, seier Cathrine Stedje.

 

Samarbeid med ÅVGS

 

Del 1 av kurset vert gjennomført på Klingenberg Hotel, medan del to vil bli på Årdal vidaregåande skule. Skulen vil stille med førelesarar til kurset..

 

-Me håpar sjølvsagt dette er noko som vil fenge dei som syslar med tanken om å starte eiga bedrift, tilbodet er gratis, og ein god moglegheit til å ta tak i sine eigne idear. Alt er mogleg berre ein vil det nok, seier Jorunn Nilssen og Cathrine Stedje.

 

Tekst og foto: Steinar Kvigne

 

 

 

 

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Gratis drahjelp til nyetablerarar
Innhald Er du ein gryndar, går med ein forretningside, men treng hjelp til å ta steget vidare? Då bør du melde deg på etablerarkurset Årdal Utvikling i haust skipar til i lag med Årdal vidaregåande skule....
Melding til mottakar