annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Gode søkartal til ÅVGS

30.07.2010 10:06:50

Geir Kjetil Øvstetun (arkivfoto)

 

 

- Til VG1 er det rimeleg fullt etter fyrste inntaket. Grunnen er i fyrste rekkje at det i år var eit av dei største kulla som gjekk ut av ungdomsskulen på lang tid, seier rektor Geir Kjetil Øvstetun. Den største utfordringa kjem i 2014 og 2018 då årskulla er vesentleg mindre, og det gjeld for heile fylket.

Rektoren ved den vidaregåande skulen i Årdal er godt nøgd med søkjartala før skulestart, men ting kan sjølvsagt endre seg etter andre og tredje inntaket i byrjinga av august. Når det gjeld hybelsituasjonen har dei og rimeleg god kontroll.

 

 

- Ja, så langt ser det bra ut, men dersom folk har ledige hyblar, og ynskjer å leige ut vil me svært gjerne at dei tek kontakt med oss, seier Øvstetun.

 

 

Til komande skuleår er det ingen klasse i VG2 kjemi- og prosessfag, medan ein har ein klasse VG2 industriteknologi. At ein i tillegg har nok elevar til å to klassar i VG1 teknikk og industriproduksjon er sjølvsagt gledeleg, det hadde ein ikkje sist skuleår.

 

 

- Elles har me ein del nye folk i lærarkollegiet. Det er no ein gong slik at folk når ei aldersgrense der dei går av med pensjon, slik er det og hjå oss. Frå 2012 går det faktisk ut to til tre lærarar kvart år, seier Øvstetun.

 

 

Framtidige utfordringar

 

 

I eit 10 årsperspektiv vert elevtalet til vidaregåande skular i fylket sterkt redusert. Spesielt i 2014 og 2018 gjer dette seg gjeldande.

 

 

- I 2018 er det på 150 færre elevar som går ut av ugdomsskulen i høve i dag. Dette tilsvarar 10 klassar i yrkesfag. Plussar ein på 2019 snakkar me om 300 elevar, altså 20 klassar. Dette vil heilt klart få konsekvensar for korleis den vidaregåande opplæringa vil sjå ut i Sogn og Fjordane, seier Øvstetun. Tala er reelle, og utfordringane betydelege. Han fryktar nedlegging av vidaregåande skular i fylket viss ein ikkje kjem opp med gode løysingar.

 

 

- Dette er problemstillingar ein allereie er i gang med å sjå på. Og det er heilt nødvending, for me er nøydd å tenke annleis enn i dag, både når det gjeld struktur og samarbeidsformer, seier Geir Kjetil Øvstetun til Porten.no

 

 

Steinar Kvigne

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Gode søkartal til ÅVGS
Innhald     - Til VG1 er det rimeleg fullt etter fyrste inntaket. Grunnen er i fyrste rekkje at det i år var eit av dei største kulla som gjekk ut av ungdomsskulen på lang tid, seier rektor...
Melding til mottakar