annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Minnefond garanterte for heimreise

30.07.2010 10:57:29

Styret i Bjørn Moen`s minnefond stilte økonomisk garanti for å få sjuk årdalskvinne som oppheldt seg i Bulgaria heim til behandling i Norge.

Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette. Kvinna, som er i 20 åra, vart natt til fredag frakta til Haukeland Universitetssjukehus der ho får intensivbehandling. 

 

 

 

- Eg kan stadfeste at ho vart frakta til Haukeland i natt, og vi er veldig glade for at ho er attende i Norge slik at ho kan få den behandlinga ho treng. Og at familien har samla seg i Bergen saman med ho, seier styreleiar i Minnefondet, Tom P. Moen til NRK.

 

 

Det er ukjent om kvinna har reiseforsikring som dekkar heimreisa frå Bulgaria, difor har Minnefondet garantert for dette, skriv lokalradioen på si nettside.

 

 

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Minnefond garanterte for heimreise
Innhald Styret i Bjørn Moen`s minnefond stilte økonomisk garanti for å få sjuk årdalskvinne som oppheldt seg i Bulgaria heim til behandling i Norge....
Melding til mottakar