annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Landsskyttarstevnet på Elverum i gang

30.07.2010 21:35:32

 

 

Landsskyttarstemnet på Elverum er i full gang, og i dag var det veteranane og klasse 1 som var i aksjon. Gunnar Brevik, Tønjum (biletet) skaut 244 i klasse 1 og kapra med det ein flott 26. plass av totalt 374 skyttarar.

I klasse 1 deltok og Stian Fagerlund frå Tønjum (238 poeng), Kjell Ove Gram frå Hegg (218 poeng), Ivar Molde sr. frå Tønjum (226 poeng) og Siv Tufte frå Hegg (223 poeng).

I klasse V65, som og skaut på bane, var det 3 skyttarar frå Farnes skyttarlag i aksjon. Best av desse var Ludvig Indrebø som skaut 249, og var nokre millimetrar frå fullt hus med 9.9 på siste skotet. Ludvig er med dette kvalifisert for finale seinare i veka. Sigurd Hatlenes skaut 247 og Leiv Brun nådde 246 poeng. Halvard Eri frå Tønjum fekk 243 poeng i same klassen.

 

V55 skyttarane har skote felt i dag, og der er det ikkje uventa Bjarne Sandvik som ligg best til. Med 28 treff (9 innertreff) ligg han på 15. plass i klassen. Lidvard Øygarden fekk 20 treff (2 innertreff) og Dagfinn Tufte frå Hegg fekk 16 treff (7 innertreff).

I morgon skal rekruttane i aksjon på bane, der har Tønjum og Farnes begge kandidatar til gode plasseringar. 4. klasse-skyttarane skal og ut på feltrunden, som i år og krev litt ekstra fysisk av skyttarane då den er 4,5 km. lang og tek omlag 4 timar!

Veteranar på skytebana, her frå Steinkjer i 2007. Frå venstre Bjarne Sandvik, Lidvard Øygarden, Ludvig Indrebø (Foto: Marta Bjørk)

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Landsskyttarstevnet på Elverum i gang
Innhald     Landsskyttarstemnet på Elverum er i full gang, og i dag var det veteranane og klasse 1 som var i aksjon. Gunnar Brevik, Tønjum (biletet) skaut 244 i klasse 1 og kapra med det ein flo...
Melding til mottakar