Porten.no er lokalavisa som eigentleg ikkje er avis - i alle fall ikkje på papiret. Porten er nemleg ei rein nettavis, noko det etter kvart fins mange av. Få av dei er likevel redaksjonelt dedikerte til eit så avgrensa geografisk område som Indre Sogn.
Porten.no såg dagens ljos 1.mai 2004 i tråd med ei offensiv breibandssatsing i Årdal kommune. Den gongen som ei avis for Årdal, seinare som avis også for lærdøler.
Steinar Kvigne
Redaktør
990 91 566
steinar@porten.no
Mange kjenner Steinar frå tida som journalist i Sogn Dagblad og Årdal & Lærdal avis. Med god kjennskap til kva som rører seg i lokalsamfunnet, blir han å finne høgt og lågt med kamera og notisblokk.Han høyrer gjerne frå deg dersom du har tips eller gode idèar til saker du gjerne vil lese meir om.
Tone Helland
Marknadskonsulent
90 99 39 69
tone@porten.no
Tone bur i Årdal, og er tilsett i Porten.no som marknadskonsulent. I tillegg til å ha dagleg kontakt med annonsørar arbeider ho med budsjett, og andre arbeidsoppgåver knytt til Porten.no. Har du spørsmål om gratulasjonar og oppslagstavla kontaktar du henne. Tone har arbeidd på Messa Cafe sidan 1992 – dei siste 10 åra som dagleg leiar.