annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Enorm auke i solariumsbesøk

01.04.2008 16:39:09

 

Solsenteret Brun og Blid i Årdal opplever ein besøksauke på 80 prosent det siste året. Også Clinique Soleil i Lærdal merkar større pågang.

 

 

 

 

Konkret vil dette seie at det i gjennomsnitt er 80-100 personar som tek solarium i senteret i Øvre Årdal kvar dag.

 

- Det kan vere samansatte årsaker til denne enorme auken. Men dåreg vèr og det at me har fått nye solsenger spelar nok inn, trur dagleg leiar i Brun og Blid, Thorbjørn Frantzen (48).

 

Bergensaren var den som for 25 år sidan starta konseptet Brun og Blid, som no har solsenter 120 stader i landet. I Øvre Årdal starta han opp i 1994.

 

 

 

Toppar seg mot sommaren

 

Frantzen seier at besøket heilt klart toppar seg når det nærmar seg sommar. Og det kan vere mange grunnar til det.Brun og Blid på Veesida i Øvre Årdal

 

- Då går jo folk flest i mindre klede, huda synest meir. Dessutan skal nokon til Syden på ferie, og vil då gjerne ha eit underlag før dei reiser.

 

Han trur at folk flest har skyhøge forventningar til eit fantastisk sommarvèr.

 

- Men det er jo sjeldan sol og varmt vèr i våre områder i landet. Dette fører til at folk blir skuffa år etter år, og stadig fleire finn vegen til eit solarium. Dei fleste har ei formeining om at ein skal vere litt brun om sommaren.

 

 

 

 

Påske er solariumstid

 

Det same gjeld for påskehøgtida. Også då er det ekstremt mange som puttar myntar i boksen ved solsengene.

 

- Særleg i år då det var tidleg påske. Då vart jo ikkje folk særleg brune sjølv om dei var på fjellet. Og så har du dei som skal late som om dei har vore på fjellet  da, humrar Frantzen.

 

Han fortel at det heilt klart er 2. påskedag som er den mest populære solariumsdagen.

 

- Då er det liksom siste sjanse for å få farge før skule eller jobb dagen etter.

 

Brun og Blid opplever også ein topp 15. mai og 30. desember. Og generelt får senteret mest besøk på torsdagar. 

 

- Me skjønar alle kvifor. Det nærmar seg fest og høgtider.

 

 

 

 

Fleire unge menn

 

Kristian Kjelling blir brukt i Brun og Blid-kampanjarFramleis er det mest unge damer som brukar pengar på solariumsbesøk. Men unge menn gjer seg stadig meir framtredande ved senteret.

 

- Dei unge nyttar seg vel helst av solarium av kosmetiske grunnar, dette er vel generelt ei gruppe som brukar mykje pengar på seg sjølv.

 

På landsbasis har Brun og Blid hatt ein auke på 30-40 prosent besøkande det siste året.

 

- Auken trur eg har kome fordi folk i aldergruppa pluss 40 nyttar seg meir og meir av tilbodet. Og dei er nok meir bevisste på å ta solarium av helsemessige årsaker, trur Frantzen.   

 

- Det er ikkje lenger tøft å bli nøttebrun i solarium. Men dei fleste kjenner at dei ser litt bedre med ein litt gyllen hudfarge.

 

 

 

 

 

Auke også i Lærdal

 

Wenche Voll

 

 Også i Lærdal merkar tilsette ved Clinique Soleil stadig større etterspurnad etter deira solsenger.

 

- Ja, det er nok ved jule,- og påsketider me har ein topp, i tillegg til tidleg på sommaren, seier dagleg leiar, Wenche Voll. Ho har drive salongen i ni år.

 

Voll trur at årsaken til auken blant anna er positvt fokus retta mot bruk av solarium.

 

- Positiv merksemd frå media gir auka besøk, og skriv dei mykje negativt, går besøket ned, humrar ho.

 

Personleg trur ho mange

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Enorm auke i solariumsbesøk
Innhald  Solsenteret Brun og Blid i Årdal opplever ein besøksauke på 80 prosent det siste året. Også Clinique Soleil i Lærdal merkar større pågang....
Melding til mottakar