annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

TOG vandra saman

02.12.2008 11:55:05

Olav Stedje, Trond Granlund og Guren Hagen

Stemningsfullt og variert frå Stedje, Granlund og Hagen

Olav Stedje i LærdalVisesongarane Olav Stedje, Trond Granlund og Guren Hagen er eigentleg svært ulike som artistar. Laurdag spelte dei i lag med to eminente musikarar i Lærdal kulturhus, ein variert konsert med stor spennvidde frå rolege balladar, via dikt, gospel og til meir jazzinspirerte låtar. Dei på ein måte smelta saman i ein flott konsert.

 

Det kom tydeleg fram at dei tre artistane set stor pris på samarbeidet, eller sagt med sogndølen Stedje sine ord; Vi vandrar saman.

 

Og det var nett det konserten gjorde, vandra mellom songar der dei tre skifta på å framføre eige stoff, ispedd litt muntre historiar frå tida som artistar.

 

Guren Hagen presenterte urinvånaren Olav Stedje som opna konserten med velkjende "Ta meg med", før Granlund med si karakteristiske stemme tok over med "Nattkino på Eldorado". Hagen framførde "Hotell Jord" der innleia med følgjande; me er heldige i vår del av verda, som har fyllt opp den gode fløyen, men me må hugse dei som bur i den dårlege fløyen som sårt treng oppussing. Spørsmålet er om det er vilje til stades.

 

UrframføringGuren Hagen

 

Hagen fortalde om sitt fyrste møte med Beatles, ei sjokkerande oppleving som slo han rett i bakken, det var då han bestemte seg for å bli artist. Og sjølvsagt som profesjonell musikar, med stjernestatus - kjent over heile verda.

 

-No gikk det ikkje akkurat slik, men eg har i alle fall vore gjennom ein lang periode som musikar i ulike band, og har faktisk spelt i Lærdal tidlegare, sa Hagen. Etter nokre år fann Guren sin eigen stil som visesongar med sjølvlaga tekstar på rein dialekt.

 

Ein og ein halv time med Olav Stedje, Trond Granlund og Guren Hagen vart ei triveleg kveldsstund for publikum, som sjølvsagt ville ha ekstranummer. Kva passa vel betre enn ei urframføring av songen "Reise heim" som dei tre trubadurane tidlegare i haust har vore i studio og spelt inn.

 

Tekst og foto: Steinar Kvigne

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel TOG vandra saman
Innhald Stemningsfullt og variert frå Stedje, Granlund og Hagen...
Melding til mottakar