-Det var mykje bra hundar og eit godt arrangement, sa ein av to dommarar, Ivar Jonny Søndrol, under premieutdelinga i Ljosheim.
At ein hund får 1.premie vil seia at ”hunden har utført eit svært godt sporarbeid med berre små feil”. I tillegg til sju 1.premiar fekk to hundar 2.premie, og alle desse ni hundane har dermed bestått ein av to prøver som er krav for å verta godkjend sporhund.
Lærdølene Søren Ørbeck Mo og Ernst Inge Brugrand fekk begge 1.premiar med sine engelske springer spanielar – tilhøvesvis Mira (1 ½) og Cindy (snart 5). Likevel var det ein langhåra dachs frå Bergen, Zeidee (7), som stakk av med sigeren. Porten.no fekk vera med og sjå Zeidee i aksjon.
Fersk hjortelukt
Me er i Tynjadalen og Zeidee er i gang med sporsøket. Førar Inger Marie Haugland, leiar for ettersøksringen i Bergen, Os og Fana, følgjer på. Det gjer også sporleggjar Jan Helge Steinseth og dommar Knut Gjørstad.
Steinseth har lagt 0,3 liter med blod over ein strekning på om lag 600 meter. To stader på strekninga skal blodsporet ha eit opphald på ti meter, og då er det fort gjort å mista sporet, i alle fall når den sensitive hundenasen også får inn fersk hjortelukt.
-Her var det ein bukk seinast i går, og då er det ikkje lett å vera hund, seier Steinseth, som sjølv kjenner hjortelukta.
Han og Gjørstad vekslar stadig blikk, og held seg litt bak Zeidee og førar Haugland. Dei to karane nikkar til kvarandre og ser seg godt nøgde med Zeidee sin jobb.
-No gjekk ho ut av sporet, men tok seg fort inn att, kommenterer Gjørstad.
Hjortehjarta som belønning
Zeidee jobbar på i front, heilt uanfekta av alt og alle rundt seg. Ho kastar eit blikk tilbake i ny og ne, meir for å konstatera at me tobeina bak heng med.
-Det nærmar seg sporslutt, kviskrar Steinseth til oss i baktroppen.
Men rundt 150 meter før me er framme ved hjortefoten, tek Zeidee over ein bekk. Haugland følgjer på, men dei to kjem snart tilbake.