Det er ikkje lett for kor og korps å imponere årdalspulikumet, men dette vart ein strålande konsert i ei heilt fullsatt Farnes kyrkje.
Gospelkoret hadde fått til eit samarbeid med Hugin Musikkforum, og hadde med seg Thomas Norheim Moen, Odd Tore Moen og Robert Hansen frå Hugin.
Dette er tre mannstemmer som har helde på i musikkmiljøet lenge. Odd Tore og Robert som begge leverte sine saker svært bra, har vore innom fleire band, dei var begge med i det siste store musikkprosjektet i Årdal, og publikum kjenner dei. Den store overaskinga var utan tvil Thomas N. Moen, som på ein overbevisande måte leverte songen «Jul Jul Strålande Jul», arrangert av Lubertus Brons. Tomas gjorde eit sterkt inntrykk på kyrkjepublikumet.
Overraskingar
Vi vil også nemne Ine Hillestad Aannevik, Nils Førsund, Elizabeth. S. Søvik, og Stein Arne Larsson som alle hadde solistjobbar denne kvelden. Songen Santo lot koret vise at dei bar svært godt sjølv utan komp.
Gospelkoret hadde også to flotte overaskingar i dei to jentestemmene Jorunn Fjellheim og Sandra Sunde Vik. Fjellheim med: «Ei stjerne skinner i natt», og Sunde Vik med: «Himmlen i din favn». Begge desse unge damene må seiast å vere god og framtidsretta rekruttering for koret. Sandra Sunde Vik har og med seg både mor og far i koret.
Musikalsk rundreise
Andre avdeling på julekonserten var det Øvre Årdal Janitsjar som sto for. I ei nesten mørklagt kyrkje tok orkesterert oss med på ei stemingsfulll musikalsk rundreise.
Eit noko annleis arrangement av «Silent Night» satte publikum i rett julestemning frå start av. Helge Magne Haglund gav ein flott saksofonsolo i «Persuasion». Melodien «Do nothin' till you hear from me», av Duke Ellington fungerte flott på adventsøndagen. Så den kjende «Baby its cold outside» med Sigyn Øren og Svein Jarle Øren, som «samtalande solistar». Det var framleis absolutt jul når Sigyn Øren med sitt luftige flygelhorn spelte «Blåmann Blåmann bukken min». Utruleg kanskje, men i dette arrangementet av Idar Torskangerpoll er Blåmann utan tvil blitt til julebukken. Å så, av alle ting, song jantisjarorkesterert unisont «Eg veit i himmelrik ei borg», berre akkompagnert av treblåsarane sine. Flott gjort.
Tilbake