Robert Sandvik, Knipenborg heldt unna alle konkurrentar og vart samlagsmeister i miniatyr 2010. Med 243 poeng var han eit poeng føre Tone Anette Espe, Svein Kåre Furre og Vegard Solhaug.
Leiar i Farnes Skyttarlag Bjørn Indrebø seier til Porten at skyttarane melder seg på via internett, her får dei tildelt presise skytetider, og kan med full kontroll planlegge å vere med på fleire stemne same helga.
Alle er er påmeldte på begge stemna denne helga. Til fleire stemne samtidig, til meir folk, slik er det i skyting, seier Indrebø. Til sommaren skal vi ha Lerum cup med stemne på fem ulike stader same helg.
Når skyttarane står på standplass å skyt kjem resultata umiddelbart opp på veggen på bakrommet, der konkurrentane kan følgje med, ja det er og direkte vising av alle seks skivene på Farnes skyttarlag si heimeside. Raskare resultatservice er ikkje mogleg å få til.
Elektroniske skiver
Før måtte ein ha inn mannskap frå heimevernet til markering av skivene, no gjer elektroniske skiver jobben, sekretariatet er også tilnærma automatisert.
Indrebø seier samlagsstemnet i helga med ca 180 påmelde er største stemne i Indre Sogn, og samtidig går fylkets største stemne av stabelen i lokala til Knipenborg skyttarlag på Årdalstangen. Det er i begge stemna snakk om miniatyrskyting. Miniatyr vil seie at bana er kortare, ammunisjonen litt mindre, men våpna er dei same som elles. Det er og stort sett om vinteren ein driv med miniatyrskyting, som alltid er innandørs.
Samlagsmeister
I rekrutteringsklassane som består av aspirant, rekrutt, eldre rekrutt og junior deltok mellom anna Hanne og Helene Vikøren laurdag. Far sjølv, Rune Vikøren innrømmer at han var familiens mest nervøse medan døtrene skaut. Storesøster Helene takla konkurransenervane svært så bra, skaut fullt hus, og vann klasse R (Rekrutt 12-13årsklassen) med 250 poeng. Einar Hjellum, Tønjum skyttarlag vart vinnar av klasse ER (Eldre Rekrutt14-15årsklassen) med 250 poeng (fullt hus). Dei kan dermed kalle seg Samlagsmeistrar i miniatyrskyting heilt fram til neste år.
Rune Vikøren som også er nestleiar i Farnes Skyttarlag fortel at Farnes skyttarlag no har satsa på skyttarskule i samarbeid med «Det friviljuge skyttarvesen». Fem kveldar med teori og praksis. Dette vert gjort mellom anna for å nå ei målsetting på 200 medlemar. Her vert det frå starten av lagt stor vekt på tryggleiksrutinar, som skal føre dei unge skyttarane vidare i sporten.
Hylland godt nøgd
Porten møter og ein smilande Eirik Hylland frå Aurland, som etter å ha delteke på begge stemnene no er på veg heim.
Hylland er godt nøgd med innsatsen. 250 poeng i fylkesmeisterskapen, og 240 på samlagsstemne.
Leiar i Knipenborg skyttarlag Alexander Øren Heen fortel på telefon at alt gjekk greitt under fylkesmeisterskapen på Årdalstangen. Det var ca 150 påmelde her, og stemne gjekk heilt etter programmet.
Resultalister finn du på Knipenborg si heimeside
Tekst og foto: Steinar Drægni