annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Tek Dåm til Olavshallen

03.03.2010 12:41:20

Frå konserten i Utladalen våren 2009

 

Øvre Årdal Janitsjar opnar NM i Trondheim med konsert i Olavshallen

Musikkverket Dåm, skreve av Jan Roger Øren, hadde urframføring i mai 2009, då meir enn 600 personar fekk høyre Øvre Årdal Janitsjar sin konsert under open himmel ved Naturhuset i Utladalen.

For 14 dagar sidan vart musikken til Øren spelt i Samfunnshuset i Øvre Årdal, i samband med 150 årsjubileet til Årdal kommune. No tek korpset med seg Dåm ut av bygda, nærare bestemt til Trondheim. I samband med NM for janitsjarkorps er årdølene invitert til å halde opningskonsert, der Dåm naturleg nok står på programmet.

Konserten er i Olavshallen, Lille sal, fredag 19. mars kloka 12. Spennande, og ei ekstra fjør i hatten til janitsjarkorpset som får framføre Dåm for eit lydhøyrt og interessert publikum.

 

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Tek Dåm til Olavshallen
Innhald   Øvre Årdal Janitsjar opnar NM i Trondheim med konsert i Olavshallen...
Melding til mottakar