I ein uttale frå årsmøte i foreninga står det at fagbevegelsen lenge har krevd eit nytt industrikraftregime.
-Jens Stoltenberg hevda rett før valget at no var dette på plass. Men den kraftkrevende industrien har ikkje merka noko til dette, korkje når det gjeld prisnivå, langsiktigheit, eller å sikra at norsk industri og lokalsamfunn dreg fordel av at Norge har den reineste industrikrafta i Europa, heiter det i uttalen.
På kontinentet er krafta basert på kol og ilagt CO2-avgift. Dette påverkar prisen på all kraft, slik at den norske vasskrafta blir prisa kunstig høgt, på linje med kolkraft. Både dei som kjøper industrikraft og kraft til vanlig forbruk betalar høg pris for forureina kolkraft me ikkje bruker! (anslagvis 12 -15 øre meir pr. Kwh.)
Vert skvisa ut
Mangel på eit industrikraftregime – saman med eit miljøfiendtlig system for handel med klimakvotar – held no på å skvisa ut store deler av norsk kraftforedlande industri. Bedrifter er nedlagt på grunn av høg kraftpris, samanligna med konkurrenter i EU-land. Fleire bedrifter er flytta ut av landet av samme grunn, og andre er nedleggingstrua. Kraftprodusentane og eigarane av kraftverk har store ekstrainntekter på bekostning av industrien og denne utviklinga må norske myndigheiter snu, er den klare talen frå Årdal kjemiske fagforening.
Sikre tilgang
Dei krev at norsk kraftforedlande industri må sikrast tilgang til langsiktige industrikraftkontraktar på samme vilkår som fleire EU-land allerede har. Og at desse kontraktane vert gjeve under føresetnad av bruk på den enkelte bedrift, og ikkje kan seljast på den frie marknaden.
Me krev at regjeringa fjernar den feilaktige prisinga av den CO2-frie og reine norske vasskrafta. Vidare at det umiddelbart vert stans i alle planar om nye utenlandskablar, som vil presse den norske straumprisen ytterlegare opp. Og at regjeringa evaluerer energilova – med sikte på å gjennomføra samfunnsmessig styring over kraftsektoren, heiter det i uttalen frå Årdal kjemiske fagforening.
Bjørn Øvstetun held fram som leiar i Årdal Kjemiske fagforening. Årsmøte bevilga midlar til følgjande lag; Norske redningshundar - Indre Sogn lag 5.000, Farnes skyuttarlag 7.00, IL Jotun aldersfastlagd fotball 15.000, Årdal pistolklubb 7.500, IL Jotun aldersfastlagd handball 15.000, IL Jotun friidrett 5.000, IL Jotun skigruppa 10.000, FAU 5.000, IL Jotun turn 10.000.
steinar@porten.no
steinar@porten.no