annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Færre bilvrak i Årdal

04.03.2010 15:38:17

Desse vraka er for lengst fjerna (arkivfoto)

 

 

 

Dei mest skjemande vraka ein ofte finn litt utanfor sentrumsområda, er så godt som heilt borte. Vrakrestane du ser her er for lengst fjerna.

(Illustrasjonsfoto) Årdal Tenk Tryggleik, tekniske tenester i kommunen og Politiet har gjennom året fleire synfaringar langs heile gatenettet i Årdal. Her ser dei etter vrak på offentlege område, men tek og tak i registrerte køyretøy, som har stått svært lang tid på ein plass. Resultatet av synfaringane viser at det nyttar.

 

- Det er blitt mykje betre, me ser no ein nedgang i bilvrak i Årdal. For vår del har me eit godt samarbeid med kommunen, finn fram til eigar av bilvraka, og gjer avtale med vedkomande om at dei vert fjerna. Dette fungerer veldig godt, seier lensmann Magne Knudsen til Porten.no

 

Han seier det er nokre gjengangarar, som flytter bilvraka frå ein stad til ein annan.

 

- Men desse veit me om, seier lensmannen.

 

 

 

Avskilting Magne Knudsen

 

Politiet har no om lag 150 bilar i Årdal, som står på lista for avskilting. Også dette er ein nedgang frå året før, då talet var i overkant av 200. Hovudgrunnen til at bilar hamnar på denne lista er manglande EU-kontroll, eller at forsikring ikkje er betalt.

 

- Me prioriterer no å plukke vekk dei eldste, og me har framleis nokre bilar frå 2005. Når det gjeld nyar bilar frå 2009 og 2010 reknar me med at eigarane tek tak i dette sjølve, seier Knudsen.

 

Det er no slutt på at styresmaktene sender ut varsel om EU kontroll, du som bileigar må sjølv syte for å levere bilen til rett tid. Når dette er kan du på ein enkel måte finne ut, nemleg ved å bruke tekstmelding. Send registreringsnummer på bilen til 2282, og du får opplysningar om eigar, bilmerke, sist bilen var EU godkjent, og dato for neste EU kontroll.

 

Steinar Kvigne

steinar@porten.no

 

 

 

 

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Færre bilvrak i Årdal
Innhald       Dei mest skjemande vraka ein ofte finn litt utanfor sentrumsområda, er så godt som heilt borte. Vrakrestane du ser her er for lengst fjerna....
Melding til mottakar