Av kvoten på fire jervar har SNO dei siste dagane avliva tre. Rein Arne Golf, som er SNO sin regionansvarlege for rovvilt i Hordaland og Sogn og Fjordane, seier til Sogn Avis det er to tisper og ein hannjerv som er skotne. Ei tispe vart teken i Luster, og ei i Lærdalsfjella, medan hannjeveren var skoten i Nørstedalen i Luster torsdag. Golf presiserer til avisa at dei to jervane som vart avliva onsdag ikkje var diande tisper.
steinar@porten.no