- IL Jotun med sine 1044 medlemar er ein organisasjon med svært mange dyktige kvinnelege friviljuge, så dette passar i grunnen bra sa Nytun.
Terje Moe var årsmøtedirigent, noko som viste seg å verte ein grei jobb i ei svært disiplinert forsamling.
Årsmeldinga oppsummerte fjorårets aktivitetar i eit lag som med 12 undergrupper femner om både breidde og toppidrett, der damehandballen må seiast å vere eit aldri så lite flaggskip på seniorsida.
Fotballgruppa har i dag 220 aktive i aldersfastlagde klassar. I fjor fekk dei som ein av 18 klubbar i landet tildelt pris på 20.000 kroner for arbeidet retta mot born og unge. Gruppa har og utdanna 12 nye trenarar i løpet av 2009, om kort tid vil fem nye vere ferdig med trenar1 kurset.
Styrkeløftgruppa kom på plass att i 2009 etter å ha lege ned i fleire år, og muskelbuntane har markert seg med ei rekke gode resultat i løpet av året.
Allidrett for dei yngste mellom to og seks år, er og heilt klart ein ein suksess. Friidrettsgruppa har funne ei god arbeidsform ,og kan vise til god aktivitet. Symjegruppa er einaste gruppa som har hatt eit litt lågt aktivitetsnivå, men her er eit samarbeid med Årdalstangen idrettslag på plass og sikrar tilbod til dei symjeglade.
Nytt dekke på idrettsbana er på plass, i allefall i kommunen sine planar, og det er oppretta positiv dialog om å utføre meir arbeid på anlegga for kommunen. Laget har delteke i arbeidsgruppa som har jobba med utbetring av tribuneanlegga, og det har og vore jobba med å utvikle ein felles sponsor strategi.
Ei svært ryddig årsmelding vart samrøystes og heilt utan spørsmål godkjent, rekneskapen sameleis.
Vurderer ny buss
IL Jotun vurderer å kjøpe ny buss neste år.
- Målet er å få til ei meir levande heimeside i 2010, helst med daglege nyhende. Vi skal vurdere å kjøpe enno ein buss, og vi skal utdanne fleire sjåførar, sa leiar Mona Nytun. Og la til at laget må jobbe godt på inntektssida, der ein i budsjettet for 2010 har lagt seg på same nivå som i fjor.
-Vi må vere pro aktive frå månad til månad når det gjeld inntekter, og tilsvarande restriktive på utgiftssida. Vi skal og jobbe vidare med dialogen omkring tredje sektor ,sa Nytun, som såg dette som ei mogleg inntektskjelde.
Budsjettet vart og samrøystes vedteke. At laget i 2009 kom ut med eit overskot tyder på at det vert jobba godt.
Låner til skianlegg
Årsmøtet vedtok å ta opp lån for å kjøpe inn løypemaskin til ski anlegget i Fardalen, eit stort løft for ski gruppa, men Anders Hestetun meinte at med den planen dei hadde for finansiering skulle dette gå bra.
Valet gjekk roleg føre seg, og valkomiteen sitt forslag vart samrøystes vedteke utan endringsforslag. Leiar Mona Nytun, nestleiar Kurt Jevnaker, sekretær Inger Marie Beheim, kasserar Monica Øren, miljø og trivsel kontakt Sissel Nyheim, og Terje Sylvarnes gruppekontakt.
Æresteikn
Kjell Jevnaker og Jim Midtun fekk begge IL Jotun sitt æresteikn for sitt arbeid med handball for gutar. Dei fekk begge vel bergunna ros av Gunn Lerøy frå Årdal Idrettsråd. Dei to smilande karane sa at draumen var, om nokre år å ha eit herrelag på same nivå som dagens damer.
Jo Ragnar Sønstelien fekk og æresteiknet for jobben han har gjort sidan han tok over handballgruppa.
- Den tidlegare handballkeeperen og dommaren var rørt og takka årsmøtet hjarteleg for utmerkinga. Han understreka at det ikkje hadde vore hans forteneste aleine å få handballen på beina att. Men han tykte likevel det var eit passande tidspunkt å gå av på. Damene har aldri spela betre handball enn no, sa Sønstelien.
Avtroppande nestleiar Terje Moe fekk til slutt blomar og takk. Moe var og fungerande leiar i ein periode då leiaren var i arbeid utanlands.
- Eg trekker meg no kun av ein grunn, og det er at seniorgruppa i laget vårt er så treneva å hjelpelause at dei treng meg, sa Moe med eit smil.
Tekst og foto: Steinar Drægni