Brannvernet i Lærdal hadde laurdag brannøving i Håbakken.
– Mellom anna skal me øve på vassføring, røykdykking, varmedykking, og korleis me skal leggje ut vasslangane, fortel Johnny Skjerping i Lærdal brannvern.
Brannmannskapa sette fyr på ein gamal låve oppe i Håbakken for å utfør øvingane. I tilegg til å læra meir om ulike metodar for å lesa brannbilete, brukte brannmennene tida til å testa ut det nye utstyret.
Nøgde med resultatet 
– Me i brannvernet er særs nøgde med resultatet. Det var ei fantastisk oppleving og me lærde mykje, fortel Skjerping.
Ein viktig del av øvinga er å fokusere på kva metodar som inneber fare for sjølve brannmannskapet, og kva som fungerar. Røykdykking og varmedykking var noko av det som vart testa ut laurdag.
Besøk frå andre kommunar
I tilegg til mannkskapa frå Lærdal brannvern, hadde fire røykdykkerar frå Aurland og nokre brannmenn frå Årdal reist til Lærdal for å vere med på brannøvinga.
– Me har lært mykje, og er meir forberedt dersom slike episodar dersom det skulle skje, forklarar Skjerping. Han meiner brannmannskapet fekk mykje ut av øvinga, og at det kjem til å vere ein pluss i framtida.
Tekst og foto: Camilla Skjær Brugrand