annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Sentralsjuke- huset og lokalsjukehusa treng kvarandre

15.03.2010 12:28:23
Dette kjem fram i ein uttale for Sogn og Fjordane Høgre sitt årsmøte

 

Privat fotoSogn og Fjordane Høgre vil byggje vidare på modellen med eit sterkt sentralsjukehus i Førde som har lokalsjukehusfunksjon for Sunnfjord og Ytre Sogn. Vi ynskjer lokalsjukehus i Nordfjordeid og Lærdal som skal ha lokalsjukehusfunksjon for Nordfjord og Sogn. Sogn og Fjordane Høgre ynskjer lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. Desse sjukehusa skal ha tilbod som stettar fødetilbod, kan urtføre planlagt kirurgi, prosedyrar innan enklare kirurgisk beredskap, og tilbod om indremedisinske akuttfunksjonar. Slik vi ser det er både lokalsjukehusa og sentralsjukehuset gjensidig avhengig av kvarande, heiter det i uttalen frå fylkesårsmøtet.

 

Raudgrønt held ikkje ord

 

Institusjonar og helsetilbod som vert lite brukt, og ikkje opprettheld den naudsynte kvalitet må vere budd på at dei kan bli endra eller lagde ned.



Raudgrøne politikarar i valkampane har lova mykje meir enn dei kan halde. Til dømes lova Sogn og Fjordane Ap ikkje berre å oppretthalde eksisterande sjukehustilbod ved alle tre sjukehusa i fylket, men dei lova til og med å oppgradere den forsterka fødestova i Lærdal til full fødeavdeling. Har ord blitt til handling frå dei som sit med makta?

Samstundes ser vi at Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i særleg valkampar gjev inntrykk av at ingen større endringar vil skje.

Det noverande styringssystemet har spelt falitt. Med så mange styringsnivå som ein har no,  Stortinget, regjeringa med helsedepartemenentet, regionale helseføretak og til slutt lokalregionale helseføretak, så er det nøydd til å bli ein overadministrasjon av helsetenestene til innbyggjarane. Sogn og Fjordane Høgre vil ha ei endring av styringssystemet innan sjukehusvesenet.

Sogn og Fjordane Høgre meinar at pengane må brukast meir på pasienten enn på byråkratiet, står det i uttalen frå fylkesårsmøtet.

 

 

steinar@porten.no

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Sentralsjuke- huset og lokalsjukehusa treng kvarandre
Innhald Dette kjem fram i ein uttale for Sogn og Fjordane Høgre sitt årsmøte...
Melding til mottakar