Østfold Energi fridde til 9. klassingane i arbeidet med å rekruttere for framtida
Østfold Energi er ein betydleg samfunnsaktør og viktig arbeidsplass i Lærdal kommune. Bransjen står framføre store utfordringar, og treng engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar i alle ledd. Då kan det vere lurt å starte med ungdomen, energiselskapet inviterte tidlegare denne månaden 9. klassingane på Øyri og i Borgund for å informere kva dei arbeider med, og på den måten skape interesse hjå ungdomane.
Sivilingeniørane Olav Grøttebø og Dagfinn Bentås fortalde om jobbane sine, ein som prosjektleiar, den andre som vassdragteknisk ansvarleg. Elevane vart fortalt at energibransjen er ein sentral aktør i arbeidet med å kutte forbruket av fossil energi, og auka produksjonen av fornybare energikjelder. Kanskje ikkje alle har tenkt over at Borgund Kraftverk bidreg til eit betre klima, men så er i alle fall tilfelle. Kanskje vart og nokre av elevane inspirert slik at Østfold Energi også i framtida har tilgang til dyktige medarbeidarar i Indre Sogn, står det på energiverket si heimeside.
steinar@porten.no
Privat foto