Ivar Winjum

Det er prisverdig at Porten prøver å greie ut om buplikt - for det er nokså kompliserte greier, med mange nyansar.

De har absolutt fått med hovudpunkta.

Som de sikkert kjenner til er det to typar buplikt i Norge:

  • Buplikt på landbrukseigedommer. Denne buplikta er personleg for eigaren, og gjeld for heile landet. Kommunane kan ikkje velje den vekk.

  • Så den som no er på tale i Aurland: Buplikt på bebygd eigedom som er eller har vore brukt til heilårsbustad, eller på nye heilårsbustader som vert oppført i hht. reg.plan, evt. ubebygd tomt i slik plan.

Det er opp til kvar kommune å innføre slik buplikt.

Eit viktige skilje ved slik buplikt går altså på om eigedomen nokon gong har vore brukt til heilårs busetnad eller ikkje. Ein eigedom som kun har vore brukt til fritidsføremål kan ikkje få buplikt.

Denne buplikta ("nullkonsensjon") er upersonleg, dvs. at kjøparen kan oppfylle buplikta ved å leige huset bort til andre. Det treng ikkje vere til nokon i husstanden. Men det må vere heilårs bortleige, ikkje korttids. Og: Viss eit hus med buplikt inneheld både ei hovudeining - der eigar eller heilårs leigebuar oppfyller buplikta - og t.d. ei kjellarleilegheit, kan kjellarleilegheita leigast ut på korttid (eks. airbnb).

Kommunen kan velje å modifisere slik buplikt på to måtar: a) ved å avgrense den til bestemte geografiske deler av kommunen og/eller b) ved å bestemme at det skal være "slektskapsunntak".

Både kommunedirektøren og Vista Analyse brukte Hemsedal kommune, som ikkje har slektskapsunntak, som døme på at buplikta har god effekt i ein samanliknbar kommune. På dette grunnlaget tilrådde dei innføring av buplikt, utan slektskapsunntak. Men i kommunestyret presiserte fleirtalet at ei evt. buplikt i Aurland skal vere med slektskapsunntak (mindretalet stemde mot heile bupliktordninga).

Dermed spørs det om buplikt i Aurland vil få nemneverdig effekt. Ordninga vil i alle fall vere vesentleg svakare enn i Hemsedal - og det spørs om ein sit att med anna effekt enn saksbehandling og byråkrati. Hemsedal hadde først buplikt med slektskapsunntak - med svak effekt - og oppheva så slektskapsunntaket, og fekk god effekt.

Konsensjonslova gir ikkje heimel for å innføre ei buplikt som kun skal gjelde for "utbyggingsprosjekt". Det som vel var meint var at ein i staden for å innføre buplikt, heller styrer busetjinga gjennom reguleringsplanar, dvs. slik at den som kjøper husvære i eit regulert bustadfelt, ikkje kan bruke huset til korttidsutleige då dette vil vere i strid med plan- og bygningslova. Men her kan truleg ikkje kommunen motverke at kjøparen sjølv brukar huset til fritidsføremål.

Men ein kommune med buplikt kan muligens (i alle fall prøve å) praktisere enkeltsakene slik at ordninga kun rammar utbyggingsprosjekt. For det er jo slik at dersom det skjer ei overdraging som i utgangspunktet medfører buplikt, kan overtakaren søkje kommunen om konsesjon til likevel å få overta utan buplikt. Så slik sett kan kanskje kommunen lage seg ein praksis der ein konsekvent seier ja til alle søknader utanfor "utbyggingsprosjekt".

Moment tilknytt verdiauke/verdifall på eigedommar synst eg er både uavklarte og underordna.

Sjølv har eg eigentlig ikkje konkludert på kva eg synst om buplikt i Aurland.