Hilde Merete Aasheim

Kommunestyrene som vert valt i haust held framtida til norsk industri i sine hender. Skal vi sikre industriarbeidsplassane, må kommunane bidra til å utvikla meir fornybar kraft.

I 120 år har industriutvikling i Norge kvilt på to grunnleggjande føresetnader: Tilgang til nok kraft til konkurransedyktige priser, og stabile og føreseielege industripolitiske rammevilkår.

120 år med kraftoverskot kan om få år vere over.

Sidan Sam Eyde grunnla Hydro i 1905 har Norge hatt eit overskot på fornybar kraft. Det har vore grunnlaget for at Norge har utvikla leiande, grøn og konkurransedyktig industri.

Dei siste tiåra har vi i snitt hatt eit solid kraftoverskot og industrien har kunne teikne langsiktige kontraktar til akseptable priser. Resultatet er at investeringar i og eksport frå fastlandsindustrien har vore rekordstor. Norge er ein stormakt innan aluminium og leverer nærare 40 prosent av aluminiumet som produserast i EU/EØS. Hydro åleine har investert over 20 milliardar i Norge dei siste 10 åra.

Dette biletet er i ferd med å bli endra. Kraftoverskotet kan bli til underskot allereie i 2026–27.

Kraftforbruket aukar, i stor grad drevet fram av behovet for avkarbonisering av transport og industri. I tillegg har vi i Norge ambisjonar om utvikling av ny industri. Kraftproduksjonen held ikkje følgje. Ein ting er sikkert: forsvinn kraftoverskotet, forsvinn dei konkurransedyktige kraftprisane. På sikt forsvinn da også investeringane, og etter kvart byggjast industrien ned.

Sidan oktober 2021 har 50 prosent av aluminiumsproduksjonen i EU stengt ned, hovudsakleg som følgje av høge kraftprisar. Også Hydro har måtta stenge vårt aluminiumsverk Slovalco i Slovakia.

Hydro har store ambisjonar

For Hydro blir hausten svært viktig for kva vi tenkjer om våre vidare investeringar i Norge. Vi har store ambisjonar for grøn industriutvikling. Mens Sverige snakkar om «det grøna stålet» er vår ambisjon om å leie an i arbeidet om å levere aluminium utan CO₂-utslepp. Vi vil gjennomføre betydelege kutt i CO₂-utslepp frå vår eksisterande verksemd fram mot 2030, og vi vil utvikle pilotar for utsleppsfri elektrolyse av aluminium. Alt dette ønsker vi skal skje i Norge.

Skal vi nå måla, tørre å satse nye milliardar, må vi vere sikre på at vi også i framtida har kraftoverskot som sikrar konkurransedyktige priser. Vi må også vere trygge på at rammevilkåra for industriutvikling er stabile og at dei gir grunnlag for å satse vidare.

Statsbudsjettet for 2024 vil gje eit klart signal om fjorårets mange negative overraskingar og midlertidige endringar var eit unntak, eller eit varsel om at dei industripolitiske rammevilkåra i Norge ikkje lenger er føreseielege.

Det er avgjerande at Stortinget sørgjer for at skatteregimet for vindkraft på land er investeringsnøytralt, at skatt på vasskraft fremjar nye investeringar, og at CO₂-kompensasjonsoldingen blir verande føreseieleg og sikrar at krafta også i framtida kan verte nytta til å skape arbeidsplassar og samfunnsmessig verdiskaping.

Industrien trengjer meir kraft – kommunestyrene avgjer

Skal Norge ha konkurransedyktig industri må vi dei neste åra utvikle vesentleg meir kraft. Særleg vindkraft på land, som kan utviklast til priser som er konkurransedyktig for industrien.

Hydro åleine har eit behov for å teikne langsiktige kraftavtaler på ca. 5 TWh før 2030 for å vidareføre produksjonen i aluminiumsverka vi har i dag. I tillegg planlegg vi for å kutte klimagassutslepp og utvikle utsleppsfri elektrolyseteknologi, som vil krevje meir kraft enn i dag.

Veljarane vil i haust påverke moglegheitene for lokal næringsutvikling meir enn nokon gang før.

Det skyldas at regelverket Stortinget har bestemt for utvikling av ny vindkraft i Norge no gjev kommunestyrene avgjerande styresmakt over om areal skal verte nytta til vindkraftutvikling. Hydro er tydelege på at meir av skatteinntektene og verdiskapinga må liggje igjen lokalt der vindparkane byggjast. Det at kommunane no har fått meir makt i konsesjonsprosessen for vindkraft, sikrar forankring og gode prosessar. Men med meir makt kjem også meir ansvar.

Kommunepolitikarane må ta eit nasjonalt ansvar

Kommunestyrene får no den største industripolitiske utfordringa i Norge i fanget: korleis leggje til rette for å byggje nok kraft dei næraste åra slik at Norge også etter 2030 er ein leiande industrinasjon. Det vil krevje kommunepolitikarar som både står på for sine lokalsamfunn, stiller krav til kraftselskaper og industribedrifter, og som bidrar til at kraftprosjektene utgreiast og utviklast i stor nok skala og i eit høgt nok tempo.

Løysinga finst ikkje i nokon enkeltkommune: alle som kan bidra, må bidra. På same måte som ringvirkningane industrien skaper sørgjer for arbeidsplassar i heile landet og eksportinntekter som heile velferdssamfunnet nyt godt av, må både dei kommunane som er verter for industrianlegg og dei som ikkje er det bidra om industrien skal sikrast krafta som er naudsynt.

Kommunepolitikarane som nå vert valt må tenkje lengre enn sin valperiode, og ha et perspektiv ut over sine kommunegrenser.

Dette trur vi er mogleg. I 120 år har norske lokalsamfunn og kraftkrevjande industri levd side om side, gjensidig avhengige av kvarandre. Denne samfunnskontrakten må fornyast i lokalvalet i 2023.