Lokalvalet er unnagjort og samansetninga i kommunestyra er endra. Nye personar er inne og styrkeforholdet mellom dei ulike partia har endra seg.

For fotballen og idretten er anlegg ei svært viktig sak. I fleire kommunar er det mangel på anlegg og eit stort etterslep på vedlikehald av baner. I fotballen står me no i ein ekstraordinær situasjon som me må samarbeide med kommunepolitikarar om.

EU-kommisjonen har formelt vedtatt eit sals- og omsettingsforbod mot gummigranulat med ein overgangsperiode på 8 år. EU ynskjer ein meir berekraftig utvikling også i fotballen og idretten. Det gjer også NFF, kretsar og norske klubbar. Fotballen må og skal bli grønare. Men omstillinga vil krevje smarte planar for utfasing, innovasjon og investeringar. Rekninga kan ikkje skuvast over på fotballen og klubbane åleine.

Tenk deg din kommune utan fotballbaner, utan idrettshall og utan anlegg for friidrett og ski. Det hadde vore eit fattig samfunn.

Gode sosiale møteplassar skapar gode lokalsamfunn. Det veit alle. Fotball er den viktigaste sosiale møteplassen for barn, unge og vaksne i Norge. Det fordrar at rammevilkåra for sjølve aktiviteten er på plass, altså funksjonelle anlegg.

Idretten si rolle i folkehelseperspektivet er enorm. Fotball og idrett er ein av dei viktigaste hjørnesteinane hjå ein ekstremt stor del barn og unge. Det er ein arena for fysisk fostring, samhald, meistring og glede. Dette er element som ikkje kan erstattast på andre arenaer.

Fotballen er viktig i lokalsamfunnet. Her møter me kjente og ukjente kring treninga og kampen. Me ser på fotball, eller diskutera verdsproblem over ein kaffikopp. Her blir kultur skapt og her blir kultur vidareformidla til nye generasjonar. Her blir venskapleg rivalisering pleia og lokal patriotisme, med positivt forteikn, får ein arena der den kan utfalda seg. Me tørr påstå at fotballen driv by- og bygdeutvikling av beste sort.

Mange klubbar knytt til NFF Sogn og Fjordane jobbar for å få fleire og betre anlegg til sin aktivitet. Situasjonen er alvorleg for fleire av klubbane våre. Berre felles innsats mellom fotballen, næringsliv og myndigheiter kan skapa krafta og framdrifta me treng for å utvikla gode og miljøvenlege alternativ for framtida.

Det, kjære lokalpolitikarar, er å ta fotballen som samfunnsaktør på alvor.