Nyutdanna barnehagelærarar

Som student går me gjennom barnehagelærarutdanninga med forventningar og tankar rundt det å vere nytilsett. Me lærer om det pedagogiske arbeidet me skal gjennomføre, og me lærer om korleis barnehagen er med på å byggje opp grunnmuren til barna i samfunnet vårt. Grunnmuren som skal bestå av tryggleik, meistring og læra om empati, normer og reglar i kvardagslivet.

Som student, har me forventningar til oss sjølve i ei ny rolle, til foreldra me møter og ikkje minst til arbeidsplassen vår. Gjennom ei treårig høgskuleutdanning har me gleda oss over å ha valt eit yrke med barn – eit yrke der me kan vere med på å gje tryggleik og støtte til dei mest sårbare og kjæraste me har – barna.

Me er fulle av iver etter å få komme ut i arbeidslivet. Gje av vår nye kunnskap.

I barnehagen er det ikkje noko du eller meg. Her er det oss – men kva skjer med oss når me kjem på jobb og blir møtt med «du er åleine i dag med 14 ungar, me prøver å ringe rundt etter vikar, men det er eigentleg ingen igjen å spørje».

Å vere nytilsett i barnehagen kan til tider vera skummelt – skummelt fordi ingen dag er nettopp lik. Tankar som «kva møter meg i dag, korleis skal me i dag KOMMA oss gjennom dagen» er tankar me alle har hatt. Planar som handla om språkutvikling, leikekompetanse, nære relasjonar med kvarandre og fysisk aktivitet blir sett på vent. «Me må berre komma oss gjennom dagen» er ein setning me er blitt for vande med. Planar som dei pedagogiske leiarane lagar, som inneheld pedagogisk arbeid for dei viktigaste i samfunnet vårt, barna, blir kasta. «Me har ikkje personale til å gjennomføra det» er konklusjonen.

Me har verkeleg verdas beste jobb. Me har valt dette yrket for ein grunn, og den grunnen er barna. Dei fortener så mykje meir enn eit personale som skal «komma seg gjennom dagen». Dei fortener trygge vaksne rundt seg, stabilitet i personalet og ein kvardag fylt med leik og læring. For leik er nemleg læring, dersom ein vaksen er tett på til å hjelpe og forstå. Korleis skal me som arbeidar i barnehagen prøve å rekruttere og snakke fram yrket vårt, når me 2 år inn i arbeidslivet allereie er utslitne? Korleis skal me klare å halde på dei som allereie jobbar for ein betre kvardag for barna i barnehagen? Jo, først og fremst må leiinga på topp gjere jobben attraktiv. Det er ikkje vår jobb, det er dykkar! Fleire faste stillingar. Betre løn. Seniorpolitikk. Mentorordningar. Nytilsett-møter på tvers. Færre tidsslukarar som stel tida vekk frå barna. Meir ressursar. Færre tilvenjingsperiodar. Lista er lang, men viktig!

Me som kom inn i arbeidslivet fulle av iver og glede over å kunne gje av vår nye kunnskap på vår nye arbeidsplass, skjønte fort at dette var tøffare enn me hadde sett for oss.

Da har det vore heilt avgjerande med gode arbeidskollegaer og ein dyktig styrar på plass i barnehagen. Min styrar seier til meg «du sit på kunnskapen» når eg er i tvil på meg sjølv. Ho er ein styrar som ser, utfordrar og undrar seg i lag med arbeidskollegaene sine. Eit godt arbeidsmiljø startar med ein god leiar. Ein leiar som er rettferdig, motivera og rettleiar dei under seg. Som nyutdanna er det svært viktig å bli møtt på ein trygg måte, akkurat slik barna skal bli møtt når dei byrja sin kvardag i barnehagen.

Grunnmuren til barna våre må prioriterast. Dette er ein jobb som me pedagogar ikkje klarar utan hjelp og støtte frå høgare hold. Skal me gje barna det dei fortener, må det skje ei endring – og den endringa må skje no. Dersom dette ikkje skjer, står me i fare for å mista dei viktige støttespelarane som arbeidar i barnehagane i dag. Og kven er det som eigentleg tapar på det?

Meiningsinnlegget er originalt publisert i «Barnehagedagen 2023: Liten og stor», eit hefte sendt ut til foresatte og politikarar i Årdal kommune i høve barnehagedagen. Gjengitt i Porten med løyve.