I forslaget til statsbudsjett for 2024 ønskjer regjeringa å kutte CO₂-kompensasjonsordninga for industrien. Det er eit retningsskifte i Arbeidarpartiets industripolitikk som kan få store, og langvarige konsekvensar. Både for Arbeidarpartiet, og for industrien vi skal leve av i framtida.

Det er fortvilande at ei Arbeidarparti-leia regjering no foreslår å velte denne politiske balansen, for å auke statens meirinntekter med nokre ekstra milliardar.

Det er klart: Å kutte CO₂-kompensasjonen gjer at statens netto CO₂-inntekter blir enda litt større. I staden for 15–20 milliardar i årleg inntening, kan staten med ein lågare CO₂-kompensasjon kanskje gå 20–25 milliardar i pluss.

Men dette er kortsiktig vinst som vil gje langsiktig tap.

Ein politikk som målretta aukar prisen på kraft, utan å effektivt kompensere industrien, er ein politikk for lågare investeringar og på sikt tapte arbeidsplassar.

Den største taparane blir det norske velferdssamfunnet. For kva går desse inntektene til? Helse, skule, og andre velferdstilbod må kutte kostnadar landet rundt, samstundes som ein ser Statkraft kjøper opp utanlandske kraftprodusentar. Då må det vere lov å stille spørsmålet?

Det vil vere eit historisk paradoks om ei Arbeidarparti-regjering med alle dei rette ambisjonane for vekst i industri, eksport og grøn omstilling, skulle velte de norske klima- og industrimodellen.

For oss i Ap-bastionen, den sosialdemokratiske mønstermodellen som skulle bli Årdal, veg den historia litt ekstra.

Når ei bedrift, grunnlagt som ein viktig del av det grøne skiftet, og det å sikre Årdal fleire bein å stå på etter at hjørnesteinsbedrifta la ned Søderbergproduksjonen, kan risikere å måtte flytte til Tyskland, på grunn av at rammevilkåra ikkje er på plass, korleis vil historia døme den handlemåten?

I denne saka må regjeringa tenkje lengre enn neste statsbudsjett. Løysningane finnast. No må regjeringa gripe dei før det er for seint. Dei har, og har hatt, all mogleg hjelp og støtte frå ei samla fagrørsle, og industri, til å finne løysingar gjennom dialog.

Industrien i Europa er seriøst skadelidande. Sidan oktober 2021 har halvparten av primæraluminiumsproduksjonen i EU stoppa.

Elektrolysehallar og heile fabrikkar har stengt dørene. I Slovalco i Slovakia har Norsk Hydro stengt eit av Europas mest moderne aluminiumsverk. Årsaka er ifølgje Hydro at slovakiske myndigheiter ikkje ville ta i bruk høvet til å kompensere for effekten CO₂-prisane har på kraftprisen i landet.

Utan ein effektiv og føreseieleg CO₂-kompensasjon kunne ikkje Hydro teikne ein langsiktig kraftavtale for verket. No er dørene stengt, utan utsikter til å opne opp at. Det er ein skjebne vi ikkje må risikere i norske lokalsamfunn.

Underteikna var sjølv til stades under ein demonstrasjon utanfor parlamentet i Bratislava saman med kameratar frå Husnes og Karmøy for å støtte arbeidarane i kampen for rammevilkåra. Der hadde dei lagt ut rundt 2000 gule hjelmar for å symbolisere arbeidsplassane som gjekk tapt.

Kvifor det, når det er rundt 350 som mistar jobben ved fabrikken, undra me? Fordi arbeidsplassane som gjekk tapt hjå leverandørar og kundar til fabrikken, jobbane i nærbutikken, skulen, infrastruktur, osv. på grunn av mellom anna fråflytting frå distriktet, gjorde dette talet reelt, kunne personalsjefen ved fabrikken fortelje. Trur me det blir mykje annleis rundt omkring i Noreg, i tilfelle…

For å forstå alvoret her heime er det naudsynt å ta eitt steg tilbake: I 120 år har norsk industriutvikling kvilt på tilgang til fornybar kraft til konkurransedyktige prisar.

No seier både NVE og Statnett, så vel som eit tall uavhengige fag- og forskingsmiljø, at Noreg styrer mot vesentleg høgre kraftprisar. I 2030 kan kraftprisen i Noreg ver 80 øre/kwh i snitt, det doble av det som er ein konkurransedyktig pris for til dømes aluminiumsindustrien.

Ifølgje fagmyndigheitene er ein av dei viktigaste årsakene til at kraftprisen aukar, at Noreg importerer europeiske CO₂-prisar. Statnett seier at europeiske CO₂-prisar vil utgje 40 % av norsk kraftpris i 2028!

Nesten halvparten av straumrekninga industrien skal betale, skuldast at tysk og polsk kol- og gasskraft sender klimarekninga si vidare til mellom anna norsk industri.

Dette er paradokset: Norsk industri brukar 100 % fornybar kraft, men får likevel kraftprisar som vert påverka av CO₂-prisen europeisk kol- og gasskraftprodusentar betalar.

Det gjev industrien ei klimarekning den ikkje kan gjere noko med. Også om alle norske fabrikkar dreiv med nullutslepp ville dei måtte betale ein skyhøg CO₂-pris gjennom straumrekninga.

Difor er CO₂-kompensasjonsordninga så viktig. Ordninga kompenserer delvis for denne meirkostnaden. CO₂-kompensasjonen har ingenting med industriens eigne utslepp å gjere. Dei betaler industrien for gjennom kvotesystemet. CO₂-kompensasjonsordninga handlar om effekten CO₂-prisen har på kraftprisen.

Regjeringa Stoltenberg innførte CO₂-kompensasjonsordninga i 2012. Det har gjeve ein god balanse i klima- og industripolitikken. Industrien har kutta utslepp, mellom anna fordi den må betale om den ikkje kuttar.

Sidan 1990 har norsk industri kutta 40 % av klimagassutsleppa. Ikkje nokon annan sektor er i nærleiken av å gjere like mykje for å nå klimamåla. Samstundes har produksjonen og eksporten gått opp. Vi har altså klart balansen mellom klima og arbeidsplassar betre enn dei fleste land. Dette er den norske «klima- og industrimodellen» som vi kan vere stolte av.

Det unike med den norske «klima- og industrimodellen» er likevel at reknestykket i sum har gjeve storsamfunnet inntekter. Auka kraftpris som følgje av auka CO₂-prisar er først og fremst ein gåvepakke for statsfinansane.

Når kraftprisen går opp, går statens inntekter opp – mellom anna fordi vasskrafta er skattlagt med grunnrenteskatt. Sjølv om staten har brukt og bør halde fram å bruke vesentlege midlar på å kompensere industrien for CO₂-prisen i kraftprisen, går Finansdepartementet i pluss kvart einaste år.

Trekk vi utgiftene til CO₂-kompensasjon frå inntektene frå auka grunnrenteskatt, står staten att med 15–20 milliardar i årleg meirinntekt. Noreg er i ein situasjon nesten alle land i Europa ville misunna oss. Staten kan både sikre industrien og rekne heim store meirinntekter som følgje av at europeiske CO₂-prisar gjer straumen dyrare enn den elles ville vore.

Noreg er eit leiande industriland i Europa. Vi produserer 40 % av aluminiumet i EØS og har liknande delar for nikkel, silikon og mangan.

Industrien vår kviler på naturressursar – krafta i fossar og vind, fjordar som gjev vegar til marknaden i Europa. Men industrien vår kviler òg på politisk balansekunst.

Noreg har klart den balansekunsten betre enn dei fleste. Vi har skapt modellar for samarbeid mellom arbeid og kapital, bygd tradisjon for å balansere politikken mellom Noreg som energi- og industriland, og med Stoltenberg-regjeringas CO₂-regime har vi òg klart balansen mellom store og raske klimakutt, og tryggleik for arbeid og industriutvikling.

Dette er vel verd å ta vare på?