Olav Grøttebø

Lærdal har vore og er ein relativt robust kommune. Me haustar bra av kraftutbygging og har Lærdal Sjukehus som ein stor arbeidsplass. Vidare har me ei rekkje mindre bedrifter, reiseliv og eit aktivt jordbruk. Det har vore ein periode med god utvikling – mykje går bra i Lærdal for tida.

Eg sit som kommunestyrerepresentant og er kandidat ved valet i haust. Å sitje i kommunestyret inneber mellom anna ei styringsrolle. Dette handlar om dei folkevalde sitt leiarskap, styring og kontroll av kommunen si oppgåveløysing og forvaltning.

Kommunestyret er ansvarleg for at vedtak vert fatta. Dette vert gjort med utgangspunkt i saksutgreiing frå administrasjonen. I denne samanheng er det ynskjeleg for dei folkevalde å få utgreiingar med fleire alternativ til vedtak, som opnar for eit politisk handlingsrom. Førebudde alternative framlegg til vedtak er som regel alltid meir gjennomtenkte enn framlegg utarbeidd i møter. Administrasjonen er òg ansvarleg for at vedtak blir sett i verk. Klare politiske vedtak og signal er viktig. Slik kan me spele kvarandre gode.

I inneverande periode har samspelet mellom kommunestyret og administrasjonen i Lærdal etter mitt syn vore godt og kanskje betre enn tidlegare? Kanskje og betre enn i fleire andre kommunar? Eg meiner det kjem av eit godt politisk og administrativt leiarskap, god saksførebuing og dessutan konstruktivt arbeid av kommunestyret. Det er ein god tone når me møtes og det er mange felles mål.

Lærdal kommune har gjennom aktivt næringsarbeid blitt vertskap for industribedrifta Infraplast. Denne type arbeidsplassar har mangla i Lærdal og er difor eit verdfullt tilskot i arbeidsmarknaden. Etableringa kom etter godt arbeid av kommuneleiinga som og innebar ei utfordrande avgjerd for kommunestyret om å bruke om lag 20 mill. kr til opprusting av bygningane.

Lærdal ligg sentralt mellom aust og vest, samstundes sentralt i Indre Sogn med omsyn til dagpendling. Det er slik gode føresetnader for at Lærdal skal vere ein god kommune å bu i og/eller arbeide i. Håbakken er etablert som næringsområde og må etter kvart utvidast sjølv om det kan vere konfliktfylt. Så er det samstundes viktig å vere bevist utviklinga av sentrum på Lærdalsøyri, slik at Håbakken ikkje svekkjer det.

Det er og utfordringar til liks med fleire andre kommunar. Den største utfordringa er folketalsutviklinga og alderssamansetjinga. Me treng fleire for å løyse kommunen sine oppgåver innan helse- og omsorg frametter. Korleis møte dette behov? Kommunedelplan for helse, omsorg og folkehelse, som er under arbeid, vert særskild viktig.

Lærdal kommune har i det siste rekruttert enno fleire gode leiarar, sakshandsamarar og utførande. Dette forplantar seg vidare i organisasjonen som ei god utvikling av arbeidsmiljø og kultur. Vonleg trekkjer dette til seg fleire søkjarar på ledige stillingar. Stabilitet og stø kurs trur me er både effektivt og berekraftig utvikling for den kommunale organisasjonen og tenesteytinga. Dei tilsette er grunnsteinane for ei god tenesteyting. Det er sjølvsagt viktig at innbyggjarane får tilpassa gode velferdstenester og andre tenester av høg kvalitet.

Arbeidarpartiet er klare på at mellom anna oppvekst og eldreomsorg er fellesskapets ansvar. Fellesskapet er då og ein viktig verdi i vår politikk. Me skal vere ombodsmenn for fellesskapet og særskild dei svake eller einsame. Utanforskap, som at nokon ufrivillig føler seg – eller er utanfor eit fellesskap, er det motsette. Det er vår plikt å arbeide for å unngå slikt.

Me skal forvalte fellesskapet sine ressursar på rettferdig og skikkeleg vis. Spesielt ved større investeringsframlegg er det viktig å få greie ut behov og totale konsekvensar i tidleg fase. Slik gjev det moglegheit for politisk avgjerd om løysing og kostnadsnivå med usikkerheit vurdering i ein tidleg fase – før ein går vidare med detaljert planlegging for gjennomføring. Mellom anna skal byggjetrinn 4 for Lærdalsøyri skule utgreiast. Dette omfattar spesielt forbetring av dei tilsette sitt arbeidsmiljø. Biblioteket skal flyttast i denne samanheng – eg meiner det bør finnast ei løysing i Lærdal Kulturhus for dette.

Dei folkevalde skal i sin styringsrolle sette dagsorden. Dette er eit av argumenta for å supplere kommunestyret og formannskap med politiske utval, slik som gjennomført i Lærdal i inneverande periode. Utval for miljø og samfunnsutvikling har hatt mange saker til handsaming og slik vore nyttig og utviklande. Utvalet har avlasta formannskapet, ein har fått grundigare handsaming og ikkje minst har fleire folkevalde blitt engasjert i det politiske arbeidet.

Utval for levekår har hatt relativt få saker til vedtak. Dette trass at det femnar over viktige område som oppvekst, helse og kultur. Dette kjem av at det gjennom ulike lover er delegert til administrasjonen å fatte enkeltvedtak. Så kan ein likevel vurdere det som nyttig å oppretthalde utvalet vidare for samarbeid mellom administrasjon og folkevalde. Eit utval der ein kan drøfte ressursbruk, utfordringar, prioriteringar, planar eller dei folkevalde kan ta opp saker i si rolle som ombodsmenn for innbyggjarane. Samstundes ein moglegheit for administrasjonen til å drøfte aktuelle tema med folkevalde.

I eit godt demokrati skal ein og ta vare på mindretalet. Samansetjinga av formannskapet i inneverande periode er eit døme på dette. Utfallet av valet styrer sjølvsagt mykje, men ein vart einige om at alle partia (AP, SV, SP og H) fekk representasjon i formannskapet – vidare vart det naturleg same representasjon i dei nemnde utvala. Slik har formannskap og utval i Lærdal hatt gode føresetnader for vedtak og tilrådingar til kommunestyret.

Ei stemme til Arbeidarpartiet – er ei stemme for å halde fram med eit føreseieleg fellesskap og stø kurs i Lærdal kommune.