Rolf Kjødnes

Det er ikkje utan grunn mange har engasjert seg, stiller spørsmål, og er urolige til det som har skjedd i saken om vindkraft i Årdal. No legger mange breisida til og søker med det å påvirke den enkelte innbyggar framfor valget i September. No seinast konsernsjef Hilde Aasheim i Hydro som kjem med eitt innlegg som heilt klart aukar presset på kva verdiar som skal være viktige for den enkelte sitt valg.

Det er jo klart at mange blir «skremt» når konsernsjefen i Hydro har som overskrift på sitt innlegg: «kommunane avgjer framtida til Norsk industri». Og så er det jo litt underleg tykkjer eg, når det ikkje kjem noko konkret som bygger oppunder det ho har som hovudbudskap. Kor mykje kraft trenger dei, når trenger dei den, kva trenger dei den til, og kvar trenger dei den? Kva med Hydros miljøstrategi for 2030: «Vi har satt en ambisjon om å ikke oppnå noe netto tap av biologisk mangfold i nye prosjekter på tvers av Hydros forretningsområder…»

Hadde eg vore Hydro, så hadde eg fokusert på at dei produserer Aluminium med ein unik natur rundt seg, der sårbare, rødlista og freda artar lever. Eg tenker at det hadde vore ein ekstra dimensjon å spele på også overfor store kvalitetskundar fra den store verden. Det viser jo at ein pr.no har ein natur i nærområdet til Aluminiumsproduksjonen som enn så lenge er i ein viss balanse. Å stemple Aluminiumen sin med at dette er produsert med rein vannkraft, ein vannkraft produsert med vatn fra Villreinen og Jaktfalken sitt rike, den er vanskeleg å trumfe!

Å tenke tanken å bygge vindkraft i sårbar høgfjellsnatur der det er Villrein og rødlista rovfugler er jo rett og slett vanvittig. I 2022 er det dokumentert 2 vellykka hekkinger i Vestland fylke av den rødlista og sårbare Jaktfalken. Ein hekking med 2 unger i Ullensvang, og ein med 3 unger i Årdal. Dette betyr at i 2022 stod paret som lever i Årdal for 60% av tilveksten til ein truga bestand. Vindkraft i dette området vil bety slutten for Jaktfalk i Årdal, så enkelt og så tragisk er det, og det vil påvirke bestanden utover Årdal. Vindkraft dreper mykje fugler, så det vil i tillegg til Jaktfalken påvirke artar som Kongeørn, Fjellvåk, Tårnfalk, Dvergfalk, Lirype, Fjellrype og mange mange andre.

Me er mange som lever av og med industrien, og me ønsker utvikling og trygghet. Hydro har vore, er, og blir viktige for Årdal (og andre) også i framtiden. Dei må få så gode rammevilkår som mulig, og politisk må det leggast tilrette for fortsatt industri i Norge. Men eg er ikkje enig i at det er kommunane som avgjer framtida til norsk industri. Vannkraft og nødvendig infrastruktur har me levd, og lever me godt med. Men vindkraft er noko heilt anna, det er så ødeleggande på så uendeleg mange måter at det bør leggast vekk som eitt alternativ.

Så er det berre å håpe at dei som skal styre politisk er seg si oppgave bevisst, det samfunn som Årdal trenger minst av alt er tap av naturkvalitetar, ein natur som gjer at folk vil busette seg her. Mange som kjem hit kjem for gode industriarbeidsplasser, men og for den flotte naturen me har rundt oss. Enkelte seier dei trenger meir kunnskap for å ha ein meining. Vel, det ligger haugevis med dokumentasjon tilgjengeleg for den som ønsker å sette seg inn i det.

Vindkraft like ved Utladalen og Jotunheimen … det er vel kanskje eitt av dei absolutt siste områda der ein burde tenke akkurat den tanken. Kvifor har me i det heile tatt denne diskusjonen?

  • Er det kraftmangel i Norge? Nei, det er fortsatt stor netto eksport ut av Norge. ( I 2021 var det netto eksport: 17,6 TWh, i 2022: 12,5 TWh, 1. kvartal 2023: 3 TWh)

  • Blir det kraftmangel i Norge? Nja, NVE kom med ny rapport 14/8 2023 som seier at det er lite sannsynleg med kraftunderskudd dei nærmaste åra.

  • Er det kraftmangel i Vestland/Sogn og Fjordane ? Nei, ein stor mengde kraft går ut av fylket.

Løfter me blikket globalt, utover Årdal (og Høyanger), så blir det sagt at me har ei klimakrise. Å bygge ned meir natur for å berge klimaet, er som å pisse i buksa for å holde varmen. Alle som har greie på det seier jo at deler av årsaken til klimakrisa er bl.a. tapet av natur. Og så er det uttalt att me har ei naturkrise, der menneskeleg påvirkning av areal, natur og dyreliv forsterkar og aukar naturkrisa, som igjen påvirkar klimakrisa.

Det blir som dei som fokuserar på bonden si ku som ein trussel mot klimaet fordi ho rapar og prompar, samtidig som dei sit i flyet på sin fjerde utenlandsflygning det året. Kven er det da som påvirkar klimaet mest?

Overført til å produsere Aluminium med bruk av vindkraft, kor mykje har ein da påvirka klimaet og naturen, og i negativ eller positiv retning ? Er det da eitt «grønt» metall med lite «avtrykk» ein har produsert?

Med håp om ei stor og god framtid for Årdal og for Hydro i Årdal, så håpar eg denne debatten om vindkraft blir lagt vekk for evig og alltid. Nokon må faktisk snakke naturen og fuglane sin sak, det er det eg har prøver på her, ingenting anna.