Kai Øystein Søvde, Liv Endresen, Rasmus Tennøe Loe, Anne Grethe Sønsthagen, Arve Bjørn Røneid

I år stiller SV liste til kommunevalet i Luster igjen – åtte år sidan sist. Men kvifor skal du stemme på SV i Luster? Det har noko å seie kven som styrer kommunen vår. Sjølv om me kanskje ikkje tenkjer så mykje på det i det daglege, så påverkar det som skjer i kommunen oss kvar einaste dag.

Når alt blir dyrare, har det noko å sei om dei som styrer meiner at ein skal klara seg sjølv, eller om ein skal byggje sterkare fellesskap. SV ønskjer ein politikk for dei mange – ikkje for dei få. Luster SV stiller til val for å få ned skilnadane, styrkje velferda og kjempe mot klimaendringar og naturkrisa.

Me meiner at Luster treng ei tydeleg stemme til venstre for Arbeiderpartiet. Luster SV er eit sosialistisk og inkluderande parti som arbeider for at me som samfunn skal fordele ressursane våre slik at dei kjem alle til gode. Samfunnet vårt treng eit mangfald av folk med ulik bakgrunn, meiningar, identitet og interesser. Me vil arbeide for inkludering og mot framandfrykt, diskriminering og undertrykking.

Me ynskjer at Luster skal vere ein berekraftig kommune som sikrar gode og trygge kvardagar for innbyggjarane. Klimakrisa, miljø-øydelegging og aukande skilnadar er dei store utfordringane i vår tid. Klimakrisa rammar oss no - brannane i sommar i Hellas og øyene i Middelhavet, og no uvëret Hans. Me må byrje å planlegge for at vëret kjem til å bli meir ekstremt.

Her er nokre av hovudsakene Luster SV vil arbeide for:

Oppvekst og utdanning: Ein god barndom varer heile livet. Barnehage og skule er viktige arenaer for å gje born ein god start i livet og minske sosiale og økonomiske skilnadar, samt auke inkludering og forståing. SV sentralt har arbeida fram gratis kjernetid på SFO for 1. og 2. trinn. Luster SV ønskjer å utvikle dette til å gjelde for 1.-4. trinn og redusere prisen for ferie-SFO. Me ønskjer også mellom anna å sikre at kommunen har tilstrekkeleg barnehageplassar og redusere prisen på desse. Ei solid og trygg grunnbemanning er viktig for oss og noko me ønskjer å auke i barnehage og skule.

Inkludering og mangfald: Luster kommune skal vere ein god kommune for alle og då er det avgjerande at kommunen arbeider målretta med inkluderingsarbeidet. Inkluderingsarbeidet lyt rette seg både mot utdanning, arbeid, fritid og der menneske elles møtast. Luster SV ønskjer mellom anna å leggje til rette for ei mangfaldig og variert busetnad, styrke arbeidet i kommunen mot diskriminering, vald og trakassering grunna ulike bakgrunnar og sikre tilstrekkeleg med ressursar for inkluderingsarbeid i offentlege etatar og i lag og organisasjonar.

Arbeid, velferd og helse: Arbeidslivet og velferdssamfunnet treng kvarandre for å fungere. Luster SV tykkjer det er særs viktig å lytte til dei som blir påverka av aktuelle vedtak og prioriteringar. Luster SV vil mellom anna arbeide for ein heiltidskultur med faste og heile stillingar og få vekk ufrivillig deltid og sikre at helse- og omsorgstenestene i kommunen vert verande kommunale.

Klima og miljø: Naturen er ei kjelde til liv, helse og verdiskaping. Me lyt ta vare på verneområda våre og verne om naturressursane våre på ein berekraftig måte, også for generasjonane som kjem etter oss. Luster SV vil mellom anna stø opp om vern av Sognefjorden, verne Flahamarskjeret i Lustrafjorden og forby lysfiske i Lustrafjorden. Me vil også vere restriktiv til nye område for hyttebygging og hindre meir utbygging av naturareal og jordbruksareal.

Næringsliv, landbruk og verdiskaping: Eit variert arbeidsliv er viktig for at folk skal velje å bu i Luster. Me treng både private og offentlege arbeidsplassar for at Luster skal halde fram som ein tilflyttarkommune. Landbruket i Luster er ei svært viktig næring for heile kommunen og me treng både heiltidsbonden, deltidsbonden og småskalalandbruk. Luster SV vil mellom anna arbeide for å vere ein attraktiv kommune for etablering av nye verksemder, og bygge opp under den berekraftige næringsutviklinga som skjer i det lokale landbruket. Me vil også verne om matjorda i kommunen og sikre berekraftig jord- og skogbruk.

Beredskap, tryggleik, bustad og lokalsamfunn: Ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunen er å sikre at innbyggjarane kan leve og bu trygt. Beredskap handlar om å vere førebudd før kriser skjer. Det er viktig å satse meir på klimatilpassing slik som skredsikring og flaumhandtering. I tillegg er det viktig å arbeide for å kutte utslepp, og her bør kommunen stå i spissen. Vidare så treng Luster ein bustadpolitikk som gir rom for å bygge samfunn, ro i kvardagen og høve til aktivitet. Det skal vere trygt å vekse opp i Luster, då lyt det også vere trygt å ferdast til og frå skule, trening og vennebesøk. Luster SV vil mellom anna arbeide for å sikre gode gang- og sykkelvegar i kommunen og sikre eit godt ladenettverk for el-bilar i heile kommunen. Me ønskjer også å leggje til rette for bustadbygging som dekkjer ulike behov i same nabolag og byggje meir ras- og flaumsikring for framtida.

Luster kommune har fått til og får til mykje bra. Derfor ønskjer me å halde fram som ein eigen kommune. Likevel tenkjer me at kommunen kan få til endå meir når det gjeld mellom anna oppvekst og utdanning, inkludering, trygge skulevegar, berekraftige løysningar og ivaretaking av vår fagre, men sårbare natur, med sitt store artsmangfald. Derfor meiner me at Luster SV er eit viktig og nødvendig tillegg i lustrapolitikken. Me har 10 stykk på lista som er klare for å arbeide for ein endå tryggare og betre kvardag for Luster sine innbyggjarar.