For knappe to månadar sidan lente ordførar Hilmar Høl seg mot nei-sida i vindkraftsaka i Årdal kommune. Det var under formannskapsmøtet i februar, og under kommunestyremøtet same dag han ynskte debatt om temaet.

Då var vill- og tamrein ein del av det som låg bak det tydelege nei-et frå store delar av formannskapet, og igjen i kommunestyret. At Årdal var ein hytte- og ein nasjonalparkkommune var òg argument i mot vindkraft.

No er lyden ein heilt annan. Ordføraren har teke nokre rundar med seg sjølv, og har på kort tid gått frå nei-sida til ja-sida.

– Alle må vera klare på at me er eit industrisamfunn, det har me vore i 76 år og det tenkjer eg at me skal vera også i den neste 76 åra. Heile Noreg har eit behov for kraft, og i 2027 kjem me til å ha eit kraftunderskot.

Industrien i Årdal har uendeleg med moglegheiter, det var i alle fall inntrykket under folkemøtet med Hydro i slutten av mars. Også der var ordføraren på ballen då spørsmålet om vindkraft vart teken opp.

Det var tydeleg allereie då at ordføraren var på glid.

– Folk kjem til å bli forbanna på meg for at eg står på for vindkraften, men det er den billigaste kraften du kan produsera. Klart er det eit klima-avtrykk der òg, men det er den einaste moglegheita me har for å kunne vidareutvikla alt me har på teknologifabrikken, Hydro, Norsun - alle desse, og fleire, treng kraft.

Kan ikkje sitja på latsida

Då Fred. Olsen Renewables møtte Årdal næringssamskipnad førre veka var det fleire aktørar frå næringslivet om nikka engasjert under presentasjonen. Ein av dei var Høl.

Då dei presentert tankane rundt «Kreka kraftverk» i nærleiken av Biskopvatnet og Krekanosi på Årdalsfjellet, kom det fram at eit slikt anlegg kan gje 40 millionar i årlege inntekter for kommunen og mellom 700 og 800 GWh kraft til industrien.

Det meiner Høl er ein heilt unik moglegheit.

– Viss ikkje Årdal som industrisamfunn kan vera berar av bærekraftig kraft, slik som vindkraft, kva skal me gjera da? Skal me sitta å venta på Statkraft, og la dei styra kva slags utveksling ein skal ha på krafta gjennom industriaktørane her i kommunen, eller skal me sjølv skapa den krafta og få enorme mengder med kraft som kan gå direkte til industrien?

Kommunen har store planar for både hydrogensatsing og Oxy-WtE. Ordføraren er tydeleg på at slike satsingar gir nye arbeidsplassar - noko eit stagnerande samfunn som Årdal har bruk for.

– Om folk vil ha industrielle arbeidsplassar er vindkraft ein moglegheit me bør seie ja til. Sjølvsagt skal me gå sakte og forsiktig fram, men dette er viktig for Årdal og industrisamfunnet.

Men kva med naturen?

Debatten kring vindkraft har vore ikkje-eksisterande i Årdal. Då det skulle debatterast under februarmøtet i kommunestyret var det ingen som var for ideen.

– Er det for lett å seie nei til eit slikt prosjekt?

– Det trur eg. Når me får ein diskusjon, og ein debatt som me lyt ha uansett, så må me forstå den sida eg er på òg. Det kan vera ein middelveg for begge sidene i denne saka.

– Ein kan ikkje leggja skjul på at det er mange årdøler som er skeptiske til vindkraft, korleis skal ein få overtala dei og få dei på glid?

– Mange årdøler er nok i mot ja, men om me skal vera eit industrisamfunn må me tåla inngrep i naturen. Årdal kommune er nesten 1000 kvadratkilometer, og alt anna enn Årdalstangen og Øvre Årdal er fjell. Fjella er dei områda me har å nytta til utvikling.

At nokre områder må bøta for kraftutvikling er eit faktum ordføraren meiner årdølene må finna seg i.

– Rekreasjonsområda våre i fjella er utruleg viktige for veldig mange, og det skal me hegna om, men i framtida med meir kraft i system kan gjera at me kan få utløyst den nye teknologien til Hydro og få lagt til rette for teknologifabrikken. Det vil bety arbeidsplassar.

– Og villreinen?

– Klart me skal verna om villreinen. Men det må vera plassar i Årdal der det går an å driva med utbygging samstundes som ein ivaretar villreinstammen.

Kan bli meir synlege

Både NVE og Miljødepartementet har begge vore tidleg ute med å seie sitt syn på saka. Ingen av dei er særleg positive til ideen om vindkraftutbygging, i alle fall på Sletterust-sida.

Det har ordføraren forståing for, men føresler samstundes andre alternativ, mellom anna Åsenosi, som er fjellområdet bak Hydro, og som ligg på kring 1222 moh.

Vindmøller der vil vera meir synlege frå bygda, og vil kunne vera godt synlege om ein køyrer Årdal - Tyin.

Men planar om ei utviding av Jotunheimen nasjonalpark kan setje ein stoppar for den tanken.

– Eg trur det kan vera eit godt alternativ. Så er eg heller ikkje heilt for at me skal seie ja til å utvida nasjonalparken. Det følgjer ikkje med midlar til å gjennomføre den jobben og kommunen må stå for utvidinga sjølv. Så er eg redd for at det kan setja ein stoppar for seinare utbygging.

Han fortel at det er funne ein mindre stamme med villrein på Åsenosi. Kva det eventuelt gjer med tankane om vindkraft der veit ein ikkje før eventuelle utredningar frå Fred. Olsen Renewables og Årdal Kraft.

– Me veit ikkje kva områder som er eigna før me har fått utreda alle fjellområda her i kommuen som kan nyttast.

Mange er ueinige

Debatten om vindkraft kjem i ei tid der mykje står på spel for industrikommunen. Store investeringar er og skal vedtakast - i tillegg er det kommuneval til hausten.

– Det er mange i ditt eige parti som er i mot vindkraftutbygging, korleis skal de klara å samlast i denne saka?

– Eg er der no at eg er for vindkraft, og eg veit at det er det ikkje alle som er. Men eg skal ikkje svinga med pisken fordi nokon ikkje har dei meiningane eg har. Nokon ser på naturen som like viktig som kraften, og slik er det berre.

Sjølv er han klar over kva posisjon han set seg i.

– I september kan eg risikera at eg ikkje kan vera ordførar lenger med dei meiningane eg har. Folk må likevel respektera dei meiningane eg har på lik måte som eg respekterer deira meiningar.

– Men eg etterlyser debatten. Når skal me få ein reel diskusjon om vindkraft i vårt omegn? Eg tenkjer me i alle fall skal kunne få til ein utredning. Me er vant til kraftlinjene som går over fjella våre, det er nesten som om dei er ein del av floraen vår. Det kan vindmøller bli òg.