Vest politidistrikt melder klokka 17:02 om ei trafikkulukke ved Sværen i Balestrand. Ein bil har køyrd ut av vegen og har delvis hamna i fjorden. Bilen ligg delvis under vatn.

Det var kun ein person i bilen og vedkomande er kome seg ut og er medviten.

Det er ikkje snakk om personskade.

Bilføraren er ein mann i 20-åra, og politiet har vore i dialog med han over telefon. Bilbergar er på veg.

Nøyaktig kva som har skjedd er enno usikkert.