Siv Aspeseter

Har eg verdi i politikken i Årdal?

Eg er listekandidat frå Årdal Arbeidarparti i kommande kommuneval. Årsaka til at eg ynskjer å bidra er fleire. Eg stille for Arbeidarpartiet fordi eg trur på at me i fellesskap kan løysa både små og store oppgåver. Å ha ein demokratisk prosess i handsaming av saker er viktig for meg. Og eg ynskjer ein rettferdig kommune med småe forskjellar.

Og i all beskjedenheit håpa og trur eg at mi røyst inn den politiske diskusjonen i Årdal er viktig.

Eg er utdanna vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse. Eg har fleire års erfaring frå arbeid innan psykisk helse. I dag arbeider eg i tenester til menneskjer med utviklingshemming.

Dei som kjenner meg veit at eg brenn for dei mest sårbare i samfunnet, eg ynskjer at alle skal hå påverknad og vera sjef i eige liv.

Min veg inn i politikken kom via fagrørsla, eg har mange år bak meg som tillitsvalt både lokalt og på fylkesnivå. Så arbeidsgjevarpolitikk er og viktig for meg, alle skal ha rett til full stilling og me må ha eit godt trepartsamarbeid for å oppnå gode resultat.

Eg anser meg sjølv for å vera ein ansvarleg politikar. Og med det meina eg at når eg skal fatta vedtak i kommunestyret til det beste for innbyggjarane, så ynskjer eg at sakene skal vera godt belyste frå fleire sider. Det skal ligga god informasjon i sakene og eg skal kjenna meg trygg på at det eg vedtek kan eg stå inne for.

Kvifor skryt eg slik av meg sjølv, tenkjer du kanskje? Jau, folkens det skal eg forklara. Det er ikkje for at eg skal sanke stemmer. Men fordi eg dei siste månadane har følgt med på debatten om vindkraft som har prega bygda vår. Og eg kjenner ein aukande frustrasjon hjå meg då eg no kun blir definert ut i frå om eg er for eller i mot vindkraft! Alt anna med meg har mista verdi. At eg ynskjer blant anna, ei god eldreomsorg, at alle skal ha like mogelegheita uansett økonomiske føresetnad, trygge barnehagar og skular som ser kvar einskild elev, har ingen betyding. Når eg seier at eg treng meir kunnskap som inneberer informasjon, krav og utfordringar til kraftutbyggjar før eg kan treffe ein slutning har heller inga verdi. Eg blir da oppfatta som vinglete, tåkete, feig og ubesluttsom. Okay, det må eg tåla. Eg meina som sagt at eg er ein ansvarleg politikar. Og det skal eg leva godt med.

Alle saker er viktige og me brenn for ulike ting. Og dette har eg stor respekt for. Gode debattar er viktige for demokratiet vårt. Så når du går til stemmeurnene,

stem på det partiet og dei sakene du trur på. Men hugs, me er alle meir enn berre ei sak.

Godt val!