Politiet er no på plass ved Gravensteinsgata i Sogndal sentrum etter melding om ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein ung gut.

Porten får opplyst av politiet at guten er under 16 år og skal ha blitt treft mens han kryssa vegen med sparkesykkel.

Guten er ikkje livstruande skadd, men har fått nokre brotskadar, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Sendt med ambulanse

I halv fire tida er guten sendt vidare med ambulanse.

Politiet er framleis på staden og snakkar no med dei involverte.