NPK/ NTB

Dei to tok seg til finalen med nest beste resultat i kvalifiseringa tysdag, men tsjekkarane Lucie Brazdova og Jiri Privratsky vart så vidt for gode i ein spennande finale onsdag.

Jeanette Hegg Duestad og Jon-Hermann Hegg endte med eit imponerande WC-sølv på 10 meter luftrifle mixed team. Dermed har dei både gull og sølv i denne øvinga i dei to første WC-rundane i år.

Laga følgde kvarandre lenge tett, men tsjekkarane var best mot slutten og vann 16–14.

I kvalifiseringa skaut Duestad 316,5 poeng og Hegg 312,6. Med 629,1 poeng var den norske duoen 1,2 poeng bak tsjekkarane. Brazdova skaut 315,1 og Privratsky 315,2.

Det andre norske laget med Jenny Stene og Henrik Larsen enda på tolvteplass.