For fyrste gong streamer Årdal kommune formannskapsmøte direkte til årdølene. Det vart diskutert ved førre kommunestyre at det var ynskeleg å gjera fleire av møtene tilgjengelege for innbyggjarane.

Det er på bakgrunn av det dårlege omdømmet om openheit som har prega kommunen i lang tid.

Kommunedirektøren, Stig Stark-Johansen, sa at det var ein del av arbeidet kommunen no legg ned for å bli ein meir open kommune.

– Me må vera meir offensive. Openheit er ein føresetnad for at demokratiet skal fungere. Me politikarar har ein veg å gå, og administrasjonen har ein lang veg å gå, sa Kirsti Eklund frå talarstolen under kommunestyremøtet i februar.

Framover kan det og verte aktuelt å streame møtene i dei forskjellige utvala.

Openheit og omsorgssenter

Møtet vil mellom anna ta føre seg spleis på vedlikehald/fornying av akustikkanlegget Farnes Kyrkje, som Porten har skrive om tidlegare, bustadprosjektet i Fritjof Nansensveg 1, og Tya-teltet.

Prosjektmandatet for nytt omsorgssenter på Årdalstangen og prosjektet om ein meir open kommune skal også takast opp.

Følg med på møtet her: