Det har byrja å brenne i ein kompressor ved Dragsvik fergekai i Sogndal kommune, det melder 110 Vest på Twitter.

Meldinga kom klokka 18:41.

– Det står ein mindre frittståande kompressor på plassen. Førebels går det bra, det er ikkje meldt om noko personskade, seier Helge Lund i alarmsentralen til Porten.

Brannvesenet er på veg ifrå Balestrand.

Klokka 18:53 melder 110 Vest på nytt om at brannen er slukka og dei har kontroll på staden. Dei er no i gang med etterslukking.