Kirsti Eklund

Arbeidarpartiet har vore pådrivar i arbeidet med nytt omsorgssenter.

Planarbeidet har gått for seint, men no skjer det noko. Vi vil ha fokus på det mest prekære og det er fleire nye langtidsplassar, korttids/avlastingsplassar og nye omsorgsbustader.

Vi vil ha et godt funksjonelt bygg som skal vere ein god stad for bebuarar og ein god arbeidsplass for tilsette

Vi vil som eit utgangspunkt samle alle langtidsplassar og korttidsplassar inn i det nye bygget, også storkjøkken og fysio/ergoterapi.

Når kommunen skal byggja nytt må vi ta økonomiske omsyn. Låneopptak vil føra til årlege utgifter over driftsbudsjettet til renter og avdrag. Dei utgiftene må hentast frå eit frå før stramt driftsbudsjett. Vi kan ikkje byggja så stort og flott at ein ikkje har råd til å driva det.

Store låneopptak, til dømes eit lån på 700 millionar, vil påføra oss årlege utgifter til avdrag og renter på 70 millionar. Desse millionane må hentast innanfor driftsbudsjettet. Det er ikkje forsvarleg å redusere tenestene i så stort omfang for å dekka utgifter til lån og avdrag.

No ventar vi på skisseprosjektet og i neste omgang forprosjektet. Desse vil gi oss meir konkret grunnlag til å vurdera innhaldet i eit nytt omsorgssenter og kostnader. Tilsette sin fagkompetanse vil vere viktig i det vidare planarbeidet.

Arbeidarpartiet skal sikra at det blir fleire og betre sjukeheims- og omsorgsplassar.