Når Fodnestunnelen på riksveg 5 skal rustast opp blir det ferje for tunnel på nattestid.

– Me har forståing for at det kan verta krevjande for trafikantene med vegarbeid. For å minimera ulempene legg me arbeidet som har størst konsekvens til natta, den tida av døgnet det er minst trafikk, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet skal starta opp etter sommarferien i år og etter planen vera ferdig hausten 2026.

Stor jobb

Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen, men likevel eit stort og viktig arbeid. Tunnelen skal blant anna få nytt lys.

– Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg og monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen, seier prosjektleiar Hovland.

Stengt om natta

I samband arbeidet vil det bli stengd tunnel frå klokka 22.00 til 05.30 neste morgon. I dette tidsrommet vert det sett opp ferje Lærdal-Mannheller-Fodnes-Lærdal. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger.

Denne ferjeruta vil gjelda i perioden 1. september i år til 31. mai 2025. På grunn av turisttrafikken vil ferja gå som normalt i juni, juli og august 2025.