Onsdag føremiddag gjekk det eit større ras i Utladalen. Raset skal ha gått mellom Tronteigen og Ålmennhagen.

Gangvegen vert stengt på ubestemt tid.

Politiet melder på Twitter at det er snakk om eit større steinras og at det ikkje er meldt om personskadar.

– Skal vera eit jord- og steinras som har gått, steinar på storleik med fotballar, opplyser politiet.

Store elver

Elvene i Utladalen og i Seimsdalen er no blitt såpass store at dei kan gå over vegen.

Det melder Årdal kommune på sine heimesider klokka 14:58. Dei skriv at maskiner er komne på plass i Utaldalen for å rydda vekk steinmassane.

I Seimsdalen har dei sendt ut beredskap for å sjå til elva.