Politiet har registrert at det har vore fleire tjuveri av båtmotorar rundt om i fylket. Dei meiner at det er grunn til å tru at Sogn er det neste målet.

Difor ber dei no båteigarar i Sogn om å vera på vakt og gjere eventuelt naudsynte sikringstiltak.

– Ein bør spesielt vera obs på varebilar eller andre bilar der ein vil kunne ha plass til fleire båtmotorar. Meld ifrå til politiet ved mistanke om innbrot eller tjuveri, skriv dei på sine Facebook-sider.