Bjørn Vike

Uten nytenking på boligfronten og samlingsplasser dør bygdene.

Vi lyste ut to faste stillingar i den lille reiselivsbedrifta vår 29/2 Aurland. To nye innbyggarar i bygda, men å finne bustad var nesten uråd.

Vi er ikkje den einaste bedrifta som har denne utfordringa. Det er på eit vis ufattelig. Alle veit at uten tilflyttarar dør Bygde-Noreg. Den einasta auka i folkesetnaden er eldrebølga som skyl inn over sjukeheimane.

I Aurland som i andre reiselivskommunar står hus etter hus tomme halve året. Anten som sommarhus eller til å spe på inntekta med Airbnb.

Bygdene våre har mange sams utfordringar. Lite søkarar til ledige stillingar. Nesten uråd å skaffe bustadar for tilflyttarar. Få treffpunkt for ungdom og vaksne etter arbeidstid. Samla er dette krevjande utfordringar som dei folkevalde må prioritere dei næraste åra.

Sjølv tenker eg at dette er viktigare enn nye fyllingar av tunnellmasser frå Lærdalstunnellen lagt i Vassbygda. Det er viktigare enn å bruke tida på å krangle om ei verdsarv vi er så heldige å ha eller krangelen om utbygginga av dei verna vassdraga våre.

At kommunestyret i Aurland samla gjekk inn for realisering av verdsarvsenteret i Aurland var gledeleg. Dette senteret i seg sjølv er ei moglegheit til å løyse nokre av utfordringene vi har, møteplassar.

Vi har ein kino som skrik etter omsorg, Trudvang. Trudvang er det første bygget ein møter når ein køyrer inn på Vangen. Kinoen er ein av få møteplasser som er i drift heile året takka vere nokre trufaste eldsjeler. Den har stått umalt i ei årrekke. Bygningsmassen kan med økonomiske middel og engasjement bli noko meir enn ein kino.

Ungdommane i bygda treng treffpunkt. I dag er ein benk i minibanken møteplassen.

Det er eit sakn ikkje å kunne gå ut å dele ei flaske vin eller tre halve året. Å flytte til bygdene våre singel 50 år er neppe heilt greit. Ein vil jo treffe folk.

I Luster planlegg ein småhus landsby i Skjolden. Ein rimleg inngangsbillett til bustadmarknaden.

Aurland har avgrensa areal. Å bygge i høgden og samstundes legge til rette for småhus kan vere vegen å gå.

Sogndal vil bygge parkering under bakken. Ein tur i sentrum i Aurland er nok til å forstå at bilane må ut av sentrum under bakken.

Gravplassen og eit område ved elva er dei einaste grøne sonene i sentrum. Blomsterbed er steinsett.

Vi bur i ei vakker bygd. Vi er glade i bygda vår. Skal vi kunne utvikle samfunna våre har vi nokre utfordringer som vi må jobbe saman om.