Det melder mellom fleire medium i dag, mellom anna Nettavisen.

Etter tolv år med Premier League satsing for TV2 er det dags for å sende stafettpinna vidare til Viaplaygruppa. Dei skal dei neste seks åra dekkje PL-fotballen, som har ei høg stjerne blant mange fotballelskande nordmenn.

Saman med Tor Ole Skullerud og Sigrid Heien Hansen vart Eirik Bakke i dag presentert som ny Premier League ekspert i forkant av sesongen. Sogndølen gav seg som trenar for Sogndal etter sesongen i fjor haust og har vore ledig på arbeidsmarknaden sidan.

Ekstra spesielt vert det kanskje for Bakke som sjølv har PL-erfaring etter fleire år i både Leeds og Aston Villa som fotballspelar.

– Eg har vakse opp med Premier League, først som fan og så som spelar, sa han under lanseringa.

Bakke har også vitja PL-studioet til TV2 tidlegare denne sesongen.

Dei tre skal ifølgje Nettavisen ha roller både som ekspertar på arenaene og i studio, skriv Nettavisen.

Porten har førebels ikkje lukkast i å få tak i Bakke for kommentar.