I utgangspunktet er uavgjort borte heilt greitt mot formsterke Ranheim. Men slik kampen arta seg, er det grunn til å stilla fleire spørsmål til den defensive organiseringa. Igjen vart det billege baklangesmål, og i tillegg sjanse på sjanse for dei blåkledde ranheimspelarane.

Særleg i første omgang var det svære hol i sogndalsforsvaret. Grunna slett defensivt arbeid i alle lagdeler.

Så kanskje Terje Skjeldestad må henta inn litt frå U-21 og landslaget sine metodar. For det er surt å mista to poeng i ein kamp der Sogndal ikkje hadde mange sjansar, men tre mål skal normalt gje tre poeng. Det skal seiast at Ranheim sitt angrepsspel er tidvis svært godt, mange involvert, god samhandling og hurtige tempovekslingar.

Fire minutt på overtid fekk Jonatan Jonsson alle tiders sjanse til å setja spikaren i kista med nok ei scoring. Men skote vart redda av ranheimkeeper Frenderup. Trur nok Endre Kupen hadde nokre glosar å sei etter den situasjonen, åleine som han var rett ved sida av islendingen.

Alt i alt ein kamp der Sogndal er i føringa i målprotokollen heile vegen.

Men tafatt og alt for dårleg forsvarsarbeid gjer sitt til at Ranheim fortent nok får behalda poeng. Utan ein Renze Fij alle bakerst kunne det fort enda med eit stygt tap. Så forsvarssjefen, generalen, må samla troppen til meir øving og kursing. Dette sogndalslaget har mykje spennande å by på. Men satbilitet blir nøkkelordet når den lange og mørke hausten kjem.

Gledeleg er det at duoen Nessø/Grønner ser ut til å finna tonen og dei rette posisjonane. Det kan gje scoringar og meir jubel i kampane som kjem. Stabæk neste – ei fin utfordring å tetta luka på tre poeng og andreplassen på tabellen!