Torsdag er varierande forhold i fjella, og fjellovergangane kan bli stengde på kort varsel. Førebels ser det ut til at det meste er ope.

Fylkesveg 50 over Aurland - Hol er open. Det same gjeld E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Fylkesveg 53 over Årdal - Tyin derimot har vore stengt det siste døgnet. Ei ny vurdering var sett til fredag klokka 13:00, men etter ein kontramelding frå vegvesenet torsdag er fjellovergangen no opna.

Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengt. Her skulle det kome ny vurdering i dag klokka 08:00 og det kan sjå ut til at vêret er blitt betre. Kolonnekøyring vert innført frå klokka 09:00. Fyrste kolonne går frå Storehaugtunnelen.

Vikafjellet opna opp for fri ferdsel klokka 10:53.