Pedagogar ved Lærdalsøyri barnehage

Ein torsdag i mai fekk avdelinga vår besøk av 7 tsjekkiske studentar. Dei var helsefagarbeidarar og hadde hatt praksis i helse- og omsorgssektoren. Dei ville innom ein barnehage og sjå korleis me driv barnehage i Noreg. Dette gav oss ein gyllen moglegheit til å vise noko av det flotte med den norske barnehagekulturen.

Planen var at desse studentane skulle vera med oss på ein utedag. Ein av dei største forskjellane frå barnehagar i Noreg og i Tsjekkia var at barna ikkje var så mykje ute. Dersom barna var ute og det byrja å regne vart dei ropte inn att. Dette kan vera forståeleg og me ser det i forhold til foreldre og barn som kjem frå Aust-Europa. Dei er ikkje vande med slike velferdsgode som me har i Noreg. Her kan me vera heime med sjuke barn. Dei må heller passe på at barna ikkje vert sjuke slik at dei ikkje får tapt arbeidsforteneste.

Desse studentane hadde ingen praksis frå barnehage men nokon av dei hadde hatt praksis på barneheimar. Dette var barneheimar for barn i alderen 0–3 år. Barna her skulle adopterast. Dei hadde ingen mor eller far men fekk eit visst forhold til personalet som passa dei. Personalet måtte berre passe på at barna ikkje vart altfor knytt til dei.

Her i Norge vert me knytt. Dette fordi me er tett på barna og me ser at det er mykje viktig læring i god omsorg.

Du må vera klar når du møter opp. Det går ikkje an å løyve seg fem minutt og ein kopp kaffi. Idet du trår over dørterskelen er du i gang. Innanfor døra vert du møtt med strålande morgonfriske ungar som berre er så klare til å ta fatt på ein ny dag. Orda «Carpe diem» eller «grip dagen» kjem her til sin rett. Du gløymer fort at du var trøytt og sliten. Det ligg og ventar ein ny dag med nye moglegheiter full av energi.

Du vert overøst med klemmar og alle vil helse på deg og syns det er kjekt at du kjem. Me veit ikkje om nokon anna arbeidsplass som har det slik. «Hei eg er og komen.» Alle vil bli sett. Og det er hovudoppgåve nr. 1. Me skal sjå kvar enkelt. Sjå at dei er komne, men og sjå at dei har det bra, at dei utviklar seg og har dei mest optimale moglegheiter til å nå lengst mogleg. Me skal vera for dei det Vygotskij kallar det «støttande stillas.» Hjelpe barna å nå litt lengre ved å støtte, motivere, rose og erfare.

Det raraste med jobben vår er at dei me jobbar tettast på nemleg barna ikkje heilt skjønar at me har dette som jobb. Ein av personalet sa ein dag at ho skulle på apoteket i pausen sin. Eit av barna spør då «jobbar du på apoteket?» Dei ser nok ikkje på det me gjer som ein jobb slik som mamma eller pappa deira har. Me er jo der heile tida, både når dei kjem og når dei går. Me er trygge vaksne som kan inspirere, gje dei utfordringar, vekke nysgjerrigheit, vere leikekameratar, vener, samtalepartnarar.

Me føler nok veldig på det som kjem fram i media me som jobbar i barnehagen og. Me ynskjer så veldig gjerne å gjera ein god jobb, men dersom ikkje rammevilkåra er gode nok lyt me velje kva me skal satse på. Då klarar me ikkje å nå over alt. Omsorga for og det pedagogiske arbeidet med barna lyt kome i fyrste rekke. Då lyt ein kanskje velje vekk andre ting. Kva er pedagogisk arbeid? Me har gått frå å liggje under Barne- og familiedepartementet til å liggje under Kunnskapsdepartementet. Barnehagen er blitt ein del av Det som vert kalla «Livslang læring.» Det er blitt krav om full barnehagedekning og rett til barnehageplass til alle over 1 år. Barnehagen har styringsdokument som barnehagelova og rammeplanen, og forskrift til lova å forholda seg til. Det vil kome ny rammeplan neste år. Denne vil nok innehalde enda sterkare føringar på kva me som personale i barnehagar skal lære barna. Det er ikkje lite pr. i dag heller me som pedagogisk ansvarleg skal sjå til at barna meistrar i løpet av tida dei går i barnehagen.

Til forskjell frå skulen så jobbar barnehagen med det som ofte vert kalla uformelle læringssituasjonar. Eit døme på ein slik «situasjon» var utedagen vår denne torsdagen. Idet me går ut døra er me rett i den ville, flotte vestlandsnaturen. Eit steinkast frå barnehagen har me ein naturleikeplass med ein liten froskedam. Det er eit yrande liv i dammen med tusenvis av rumpetroll. Barna har med hov og syltetøyglas. Dei fangar rumpetrolla og studerer dei. Barna kan sjå at dei har endra seg sidan førre gong me var her. Me føl med på dammen frå froskeegg til nye froskar. Det er eit stort engasjement i barna for å prøve å få tak i desse små sprelske, skapningane. Dei hjelper kvarandre og viser stolt fram fangsten. Utstyret må me dela på, noko som krev at dei må vente på tur. God læring i det og. Rumpetrolla treng vatn for å puste, eller så dør dei. Det kan vera litt rart å forstå. Det er tid for litt undring og filosofiske tankar rundt dette med liv og død. Rammeplanen seier noko om dette «at barna skal ta vare på naturen og det som lever i den.»

Etterpå er det leik på naturleikeplassen. Her er det eit sant eldorado i fysiske utfordringar. Eit velta tre kan ein balansere, eller berre gynge på. Her er husker som er litt vanskelege å kome opp på og halde fast i, ei bru med stokkar der det bur eit fælt troll under, i alle fall kjem det fram dersom dei tre bukkane Bruse nærmar seg. Det ligg røter på bakken til å klatre over, og ein kan klatre opp i tre. Me kan finne blomar på naturleikeplassen og mange ulike tresortar. Barna veit godt kva ei brennesle er og kjennest ut. og me har med aloe vera i lag med resten av fyrstehjelpsskrinet.

Me hadde med hammar, spikar og sag den torsdagen og. Barna får prøve å banke spikrar inn i fjøler. Eigentleg skal det på sikt verte ei hytte. Å sage litt ved får dei og prøve. Me ser mykje latter, glede, engasjement, nyfikenheit, samarbeid og venskap.

Barna bruker kroppen og sansane i møte med naturen og elementa. Det finst vel ingen finare og kjekkare måte å lære på, «Learning by doing.»

Me er heldige og kan gjera dette i dag fordi me har ei barnegruppe som ikkje er altfor stor, og me er mange nok vaksne. Personalet klarar å sjå kvart enkelt barn og gje dei gode, innhaldsrike læringsfulle dagar.

Det viser seg at dersom barnegruppene vert for store vert slike læringssituasjonar vanskelege. Då vert tilbodet tilsyn og det er ikkje nokon tente med.

Som sagt så har me verdas finaste jobb.

Innlegget er originalt skriven i 2011 av to tidlegare pedagogar ved Lærdalsøyri barnehage. Denne teksten er uendra og republisert etter ynskje frå Lærdalsøyri barnehage i høve Barnehagedagen 2023.