– Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.

Det seier Jon Fosse i ei pressemelding frå Samlaget forlag.

Torsdag klokka 13:00 vart det kjend at vestlendingen vert tildelt Nobelprisen i litteratur.

Beskjeden fekk han knappe minuttane før resten av verda - då sat han i bilen og køyrde langs Sognefjorden på veg til sommarbustaden hans.

Prisen får han altså 40 år etter at han debuterte med romanen Raudt, svart. Det var i 1983.

Mange reaksjonar

Kun tre norske forfattarar har fått Nobelprisen i litteratur sidan den fyrst vart gitt ut i 1901: Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset i (1928). Det er altså 95 år sidan sist prisen gjekk til ein norsk forfattar.

Ein nynorsk-forfattar vel å merke.

– Me ynskjer Jon Fosse til lukke med Nobelprisen i litteratur. Nynorsk er eit verdsspråk. Dette er ein stor dag for nynorsken, Noreg og verda!, skriv Noregs Mållag på Instagram.

Forlagsdirektør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget, som forøvrig kun gir ut publikasjoner på nynorsk, seier dei er «uendeleg» stolte over Fosse.

– Sidan Fosses litterære debut i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.