Allereie torsdag førre veke vart trafikantar advart om uvêret som venta 2.påskedag. Tysdag er det framleis mykje vind og vêr i fjella som påverkar fjellovegangane.

Over fylkesveg 53 Tyin – Årdal er det noko redusert sikt, men vegen er førebels open. Over riksveg 52 Hemsedalsfjellet var det innført kolonne, men er no open for fri ferdsel.

E16 Filefjell er opne. Kun fylkesveg 50 over Aurland - Hol var stengt tidleg tysdag, no er også den open og kolonne er innført.

I 13-tida gjekk det eit snøras ved Holesvingane på riksveg 13 Vikafjellet. Her var vegen stengt. Entreprenør har gjort seg ferdig på staden og vegen er open igjen.