Det er no stor snøskredfare i heile Indre Sogn. Fredag er fleire vegstrekningar stengt som følgje av uvêret.

Framleis er fjellovergangane stengte, med unntak av E16 Filefjell.

I tillegg til snøskredfaren er det også stor fare for jord-, sørpe- og flomskred.

– Me ventar at det vil løsna snøskred av seg sjølv i mange bratte heng. Snøskreda kan bli store og nå ned til skredutsette vegar, seier vaktleiar i NVE Solveig Kosberg i ei melding.

Ho minnar om at flom- og sørpeskred kan ha lang rekkevidde:

– Sjølv om det lausnar høgt oppe i terrenget kan det nå ned til dalen eller fjorden.

Årsaka til den store skredfaren er mykje nedbør, kraftig vind, milde temperaturar, og snøsmelting.

Utover fredagen vil det regna mykje i fjella. Dette kan resultera i fleire skred.

Følg situasjonen tett

I Sogndal følg dei vêrsituasjonen tett etter at det fredag føremiddag gjekk eit ras over fylkesveg 55 i Esebotn.

Politiet ber folk i området om å halde seg i ro.

– Me set inn beredskapstiltak der det er naudsynt. Me oppmodar innbyggjarane i heile kommunen om å følgje med på farevarsla, seier ordførar Stig Ove Ølmheim i ei melding.