Klokka 21:37 melder Vegtrafikksentralen om ei trafikkulukke på Hemsedalsfjellet like ved der Eldrevatnet begynner på vestsida av fjellet.

Det skal vera snakk om ein bil som har trilla rundt fleire gonger og har hamna på sida av vegen. Det får Porten opplyst av personar på staden.

Vest politidistrikt melder like før klokka 22:00 at det er ein person involvert. Han er ikkje fastklemt og er medvitnen.

Porten får opplyst om at det var føraren sjølv som ringte inn og meldte frå om ulukka. Naudetatane er på staden.