Det er lite som tilseier at streiken går mot slutten. Fredag trappast streiken opp ytterlegare, og LO har allereie varsla eit tredje streikeuttak.

Her lokalt er det mest truleg ikkje fleire tilsette ved Hydro eller Bilfinger som vert teken ut i streik. Medlemmane til Industri Energi har vore i streik sidan måndag, og torsdag vert det ein skikkeleg markering ved fabrikken på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

Torleif Sand, leiar for Årdal Kjemiske Fagforening, seier dei no vel å arrangere ein fanemarkering.

– Det tenker me er heilt naturleg å gjere når me no står i ein historisk streik. Difor håpar me så mange som kan tek turen og støttar dei streikande.

Øvre og Tangen

Det vert markering ved porten inn til Hydro klokka 13:00 på Årdalstangen og klokka 15:00 i Øvre Årdal torsdag. Sand seier det vil kome fleire frå fagforeininga for å halde apell.

– Me har fått med oss fleire frå fagforeininga som kjem til å seie nokre ord. Så vil kanskje fleire her lokalt stille opp også.

Mellom anna kjem Kai Nordhaug frå Industri Energi og Nils Petter Støyva frå LO Vestland.