Trude Klingenberg

Oppe i Norge, der bur det tre troll. Ja, danskane syng så. Noreg har sat sine spor i danskane, men Danmark har også sat mange spor i Noregs historie. Du veit du er i Danmark når du ser dei store vindmøllene på dei flate markene. Dei har vel ikkje akkurat så mange fjell å plassere dei på? Men Noreg og Årdal har.

Skal danskane om 1000 år syngje: «Oppe i Årdal har dei vindmøller på fjellet?». Seriøst? Turistane kjem til Årdal for å oppleve den fantastiske naturen me har, kulturhistoria vår, men vindmøller kan dei sjå andre stadar.

Når du kjem ut av Seimsdalstunelen og ser opp på Ofredalstunelen. Ja, då har ein svaret på kor høge vindmøllene faktisk er. Ser du det føre deg? Eg gjer. Eg riv meg i håret og tenkjer: «dette kjem ikkje til å sjå bra ut».

«Ikkje bry deg om utsjånad, men personlegheit, for det er verdiane og det inni som tel». Ja, vindmøller er med å skape kraft som er ein verdi, men denne verdien har me også i vasskraft. Skal me gå baklengs inn i framtida og øydelegge verdiane som ein heller kan byggja vidare på?

Me må tenkje på konsekvensane dette kan medføre. Å stå å speide utover Jotunheimen blir lite sjarmerande med vindmøller. Ja, for nasjonalparkverdien vår er Årdal si framtid.

Verdiane i vindkraft og kulturverdi kollidera. Og dei kollidera så hardt at dei er i stand til å kverke kvarandre. Kven blir taparen? Årdal.

Som Vegard Solheim skriv i boka «Våre tradisjonar», s. 8:

«Innsjøen Tyin i Vestjotunheimen. Tyin, av proto-nordisk for guden/naturkrafen TiwaR, av norrøn Ty og innsjø av sisteledd -in, var en av mange hellige innsjøer og vann for våre forfedre som befolket landet vårt i tidlig steinalder. Strendene langs Tyin skjuler restene av de første bosettingene i Norge».

I år er det 1000 år sidan Olav den heilage vandra gjennom Lærdal og gjorde Jutlamannen til stein. Men kva sa Olav den heilage i år 1020? Årdal og Jotunheimen har ein stor historisk verdi. Me bør heller byggja vidare på det! Styrkje reiselivet, kulturhistoria vår og verdiane som Årdal har.

Nei, til vindkraft! Me må ta vare på det me har før me mista det. For når me innser det er det faktisk for seint.