I 2014 stod Amjad Hanna med ei bachelor grad i Buisness Informatic Engineering i handa. Rundt han hadde den arabiske våren herja sidan 2011. Bomber detonerte i heimbyen Wadi Al-Nasara i Syria. Landet var snudd på hovudet.

Bombene kom nære familien sitt eige hus.

Amjad har alltid elska heimbyen sin. Han brukte kvar sommar på festing med vener, leik på stranda og lange sommarkveldar. Han hadde aldri trudd at han ein dag skulle kalle seg flyktning.

Men no var borgarkrig eit faktum.

Den arabiske våren var blitt ein internasjonal smeltedigel av stormaktsinteresser, religiøse ekstremistar og demokrati-forkjemparar.

Amjad flykta til Libanon. Det var starten på ei reise som til slutt skulle føre til at han i desember 2021 sat med fast jobb som IT-arbeider på Hydro mellom fjella i Høyanger.

TO FLAGG: På Amjad Hanna sin pult på kontoret står det to flagg. Eitt med Hydro-logo, og eit norsk. Foto: Kyrre Fitje

Sykla inn i Norge

Frå Libanon var planen å søkje seg inn på ei mastergrad i Tyskland. Men noko var gale med søknaden, og Amjad måtte sjå seg rundt etter andre løysingar. Blant flyktningane vart det snakka om Norge.

– Det einaste eg visste om Norge var at det var kaldt, at vikingar kom herifrå, og at det var eit rikt og trygt land, seier Amjad no.

Via ein onkel kom han seg frå Libanon til Russland. Då gjaldt det berre å kome seg det siste stykket over norske-grensa.

Men det var ikkje berre enkelt. Midt i flyktningkrisa var det mange som ville over grensa i nord. Den norske lova sa at det ikkje var lov å krysse grensa mellom Norge og Russland til fots.

Løysinga for flyktningane vart syklar. Mange syklar. Bileta av at flyktningar kom syklande over grensa gjekk verda rundt. I 2015 kom det totalt 31.145 asylsøkjarar til Norge. Mange av dei kom frå Syria.

Blant dei var Amjad.

Arbeida på bar

Frå grensa gjekk turen til eit asylmottak i Mosjøen. Som asylsøkjar fekk ikkje Amjad gå på skule, så han fekk ikkje norskundervisning. Men han kunne engelsk, og byrja å ta til seg bli på norsk.

Etter kvart vart han sendt vidare. Amjad enda opp på mottak i Høyanger. Til slutt fekk han bli i Norge.

Då byrja vegen mot å bli integrert.

Han søkte jobb overalt, og fekk til slutt innpass i baren på det som då var Høyanger Hotell. Han arbeidde på ettermiddag og på kveldar, på helgedagar og i vekene. Alt på toppen av å vere fulltidsstudent på norskskulen.

– Nokre dagar jobba eg frå åtte om morgonen til tolv på kvelden. Det var lange dagar, men eg fekk eit stort nettverk. Når du arbeider på bar lærer du deg ansikta til folk, seier Amjad no.

Snart var han klar for å få språkpraksis to dagar i veka. Han søkte fleire plassar, men fekk ikkje jobb.

Det er han glad for den dag i dag.

– Eg ville bruke utdanninga mi innanfor IT, og spurte om eg kunne få språkpraksis på Hydro.

Gjennom HR-sjef Jonny Manseth fekk han prøve seg. Først to dagar i veka. Då han var ferdig i språkpraksis arbeidde han vidare i ei prosjektstilling. Saman med dei to IT-tilsette på verket skulle han utbetre alle styringsskapa i hallen.

Amjad gjorde det han kunne, men språkkunnskapane var avgrensa.

– Eg visste ikkje ein gong kva tastatur var på norsk. Eg sa til dei andre at eg ville stille mange dumme spørsmål. Beskjeden var at det var ingen dumme spørsmål. Det sette eg pris på, seier Amjad.

– Dei var veldig gode med meg, legg han til.

TRIVST: Amjad Hanna veit godt at det er langt frå den kalde fjordarmen på Vestlandet til den varme ørkenen i Syria. Likevel kjenner han seg trygg her også. Foto: Kyrre Fitje

Gjennom jobben på IT var Amjad over heile fabrikken. Han vart kjent med systemet, og lærte seg dei tilsette å kjenne.

– Etter ei stund fekk eg ei stilling på 60 prosent, så 80 prosent, fortel han.

Heile vegen jobba han med å utvide kunnskapen om språket og systemet internt. Etter ei stund skulle ein kollega ut i fødselspermisjon. Då vart Amjad henta inn som vikar.

– Då fekk me mykje å gjere. Me skulle digitalisere oss, alt skulle over på iPad og mobiltelefon. Så kom cyberangrepet på toppen av alt, fortel han.

Saman med kollegaane jobba han mykje, men kollegiet var godt og Amjad fekk seg eit større nettverk også utanfor arbeidslivet.

– I desember 2020 kom meldinga om at me skulle bli omorganisert. Alle dei IT-tilsette skulle organiserast frå Oslo, eg fekk ansvar i Høyanger, og kontrakt ut 2021.

Fast jobb

Rett før jul i fjor gjekk Amjad til sjefen i Oslo og spurte kva som ville skje då kontrakten gjekk ut.

– Han sa han skulle sjå på det, og kome tilbake til meg.

Beskjeden som kom nokre dagar etter var at Hydro såg behovet for han.

Amjad fekk fast stilling. Oppstart 1.1.2022.

– Det var den beste julegåva eg nokon gong har fått, seier Amjad ein månad etter.

Det første han gjorde då jobben var sikra, var å ringe mora i Syria.

– Då byrja ho å grine. Eg kjenner meg så trygg. Eg har vener, ei leilegheit eg skal pusse opp, eg har min eigen bil og eg har fast jobb. Tenk at eg kan kjenne meg så trygg i eit land som ikkje er mitt eige, seier Amjad.

GODT INTEGRERT: Amjad Hanna seier at dei tilsette som tok imot han og dei andre invandrarane i Høyanger gjorde ein kjempe-jobb. Det hjalp han med å integrere seg raskt. Foto: Kyrre Fitje

Av dei mange flyktningane som kom på mottak i Høyanger under flyktningkrisa, er det ikkje mange att. Mange har til Oslo, andre til Bergen eller Førde.

– Det viktigaste for meg er jobben. I Norge går me på jobb, også går me heim. Det er likt over alt. I storbyen har du kanskje litt fleire tilbod, men du kan reise på besøk dit, seier han.

Amjad er blitt glad i Høyanger. Han har alt han treng. Han spelar fotball på fritida, og drar fram tilbod som idrettshall og basseng.

– Og på fjellet har me skianlegg. Det viktigaste er jobben, men på same tid må me nok få fleire tilbod i Høyanger. Om det blir sånn over tid, kan du bli lei og flytte, seier Amjad.

– Fleire må få sjansar som meg

Amjad seier han er evig takknemleg for alt Hydro i Høyanger har gjort for han sidan han kom til Vestlandet.

– Mange firma og kommunar har mykje å lære av måten eg har blitt møtt på her, seier han.

Han meiner om at Hydro-leiinga ikkje ville tatt imot han, ville han stått utan jobb. Historiene om innvandrarar som ikkje får jobb grunna eit ukjent namn og erfaring frå eit anna land er mange.

Amjad seier at han forstår at arbeidsgjevarar kan synest at det er vanskeleg.

– Men når me søkjer i Norge spør ein om me har hatt erfaring. Den kan me ikkje få om me ikkje byrjar ein plass. Hydro gav meg den sjansen.

Foto: Kyrre Fitje