Like etter klokka fem måndag morgon fekk politiet melding om at ein vogntoghengar hadde velta i Lærdal.

Ulukka skjedde knappe to kilometer vest for Lærdalstunnelen, det opplyser Vegtrafikksentralen på Twitter. Politiet og bilbergar er på staden.

– Vegen av stengd i litt over to timar mellom klokka 05:00 og 07:00, og det skal ha vore ein del kø. Kvart over sju vart vegen opna i eit køyrefelt, opplyser trafikkoperatør Marianne Hove.

Det er ikkje meldt om personskade.